Sluttrapport etter 10. klasseshowet «Tidsmaskinen 1980-2050»
Elin Aslaksen • April 30, 2021

Årets 10. klasseshow blei gjennomført torsdag 25. og fredag 26. februar. I utgangspunktet såg det ikkje ut som om me fekk lov til å invitere gjester i salen, grunna Korona-restriksjonar, men heldigvis opna ein opp for dette ei knapp veke før framføringa, og då me i tillegg fekk klarsignal frå kommunelegen om å gjennomføre med 45 gjester, heiv me oss rundt og organiserte dette. Slik fekk elevane framføre for 45 innbetalande publikummarar kvar av dei to kveldane, der billettane var øyremerka foreldre og familie til elevane. I tillegg blei showet «Livestreama» fredagen, og det blei seld totalt 94 enkeltbillettar og 49 familiebillettar via Ticketco. Livestreaminga fungerte godt, og gjorde at elevane fekk vist showet dei har arbeidd med for eit større publikum.
Elevane har nytta mykje tid på arbeidet med showet i fleire månader på førehand, der ein særleg intensiverte øvinga den siste veka før. Showet hadde totalt 24 ulike nummer, der både fellessongar, bandinnslag, danseinnslag, nyheitssendingar, filmar og sketsjar stod på programmet. Elevane tok publikum med på ei reise i tid frå 1980- talet og heilt fram til ei tenkt framtid. Dei fekk fram det typiske for kvart tiår gjennom både musikk, stil og store hendingar. Eit så stort spekter av innslag gjorde til at framføringa varte i om lag 2 timar. Alle elevane hadde ei oppgåve i arbeidet med showet, og dei som ikkje viste seg så mykje direkte på scena, gjorde ein flott innsats i kulissane eller som scenearbeidarar. I ettertid har me fått mykje skryt for at alle elevane var inkludert. Me såg i tillegg eit flott samhald mellom elevane i denne fasen, og det har utan tvil styrka banda mellom dei. Me sit igjen med mange gode minner frå arbeidet og framføringa av showet.
10% av overskotet vert overført til Barnekreftforeininga. Alt i alt kom showet i hamn med eit høgare overskot enn det me hadde sett for oss, og dette er svært gledeleg for klassane, som ønskjer å nytta pengane på noko sosialt. Og som gjer at avgangselevane avsluttar 10 års skulegong med eit opphald på Voss Active, etter munnleg eksamen i juni. Her får dei m.a. delta på teambuilding, rafting, og oppleve vindtunnel, kombinert med masse sosialt samvær.
Me takkar igjen for Dykkar generøse bidrag til årets 10.klasse-show.
Mvh showansvarleg Elin Bergesen og klassekontaktar Fredrik Haugsgjerd og Terje S. Skaten.

Prosjektet sto ferdig medio november og vi har fått testet ut konseptet (samt gjort nokre justeringer. Vi utvikla eit konsept som heiter E H Vaage Damp &Bad, vurderina er at om me bygde det direkte under merkevaren Haaheim ville buande gjester forvente det som ein del av pakken (gratis). Me ynskjer også å knytte det sterkare til konseptyet ved sjøen og smørbrødrestauranten her. Vi har hatt utleige for ca kr 20 000 pr mnd dei første t mnd og det blir stadig fleire som kjem, Mange bruker også saunan som grunn for å booke på Haaheim eller reise til Tysnes. Me skal også ha vært første saunabryllup på i februar. Mange av våre reiseoperatører er også svært intressert i produktet. Vi har utvikla fleire pakkar med sjøbad og sauna/ smørbrød og smakinger, det er mange bedrifter som booker det. Me brukte også her meir penger på badstu/material til relax (bytterom og terasse, så eg førte ikkje eigeninnsats på utvikling av konsept eller bygging. Eg bygde bytterom og terasse sjølv (problemet er berre at ingen trur eg har bygd sjølv)., så det blei mange timar av det. Me gleder oss veldig til å utvikle og polere det nye produktet vårt og er veldig takksame for støtta frå Tysnes Kraftlag, den er grunnkapitalen for å skape vekst og innovasjon. Om meir informasjon er ynskjelig, berre ta kontakt. det ligg også meir info om pakker på heimesida vår.

Båtlaget Njord/Tysnes arrangerte Noregsmeisterskapen for Oselvar i 10 kvm i tida 09.-10. august 2025. Det var heile 45 år sidan forrige NM i denne klassen, nemleg i 1980. Den gangen stilt 24 båtar til start, medan i 2025 var det 12 båtar på startsteken. Fredag ettermiddag var det registrering av deltakar og måling av segl i Båtlagsnaustet. Laurdag blåste det så kraftig frå sydvest at regattakomiteen valde å ikkje starte nokon seglingar den dagen. Dugnadsgjengen og siglarar måtte gå heime etter halv dag i von om betre vær på søndag. Søndag var det meldt mindre vind, og regattakomiteen stasa på å få 4 seglingar den dagen slik at det vart gyldig meisterskap. Det kom litt meir vind enn meldt, men ikkje meir enn at det var forsvarleg å avvikle 4 seglingar. Laurdag kveld vart det arrangert middag for seilarane med god drøs og gode historiar. På søndag betasuppe etter endt meisterskap. Det vart lagt ut ein kort bane og 4 seglingar vart gjennonført. K-3 Sjanse vann første segling og følgde opp 2. plass i neste segling for så å avslutte med 2 seire til. K-96 Mosken fekk ein 2. og ein 1. plass i dei to første seglingane, slik at Sjanse og Mosken var likt så langt. Sjanse drog som sagt i land dei neste seglingane medan Mosken fek 3. og 6. plass i dei to siste seglingane. Også K-54 Margrethe seila jamt og godt med serien 5-3-7-2 og fekk bronsemedaljer. I båtane som tok dei to fyrste plassane ver det «toppa» mannskap frå Milde og Hjellestad. I Margrethe var 3 generasjonar Epland representert. Det lovar godt for rekruttering til seglinga. 9 båtar deltok frå Båtlaget Njotrd/Tysnes. Regattasjefane Vegard Aslaksen og Erlend Hatteberg gjorde ein framifrå jobb og hadde mobilisert ein flott gjeng som utførte dugnad over 3 hektiske dagar. Takk til våre sponsorar Tysnes Kraftlag A/S, Tysnes kommune og næringslivet på Tysnes.

I løpet av 2025 har det vorte arrangert 4 seniortreff: 13.mars, 22.mai, 2.oktober og 27.november. Alle treffa vert arrangert i 5 ulike bygder på same dag. Treffa har vore svært populære, og me har faktisk opplevd både venteliste og publikumsrekord dette året. Det siste treffet i november hadde til saman 242 gjester. Først og fremst er treffa ein sosial møteplass for seniorane våre, men samtidig også ein svært god arena for å nå ut med viktig aldersadekvat informasjon. M.a. har kommunen sin ergoterapeut vore med og formidla sin bodskap om helsefremjande og førebyggjande tiltak og tilgjengelege digitale hjelpemiddel. Marita Flemmen Skogvoll, lokalt politi på Tysnes, har halde innlegg om korleis dei eldre kan verna seg mot vinningskriminalitet og svindelforsøk. Prosjektleiar Sabine Graeff har fått høve til å presentera og lytta ut dei eldre i høve til lokalmiljøutviklingsprosjektet LivOgLyst. I tillegg har me kunna nyta flotte bidrag frå både lokale og tilreisande musikarar. Dei som har bidratt i år, har vore: Monica Hoff Utne, lokal komponist og visesongar. Helge Olav Instøy og Arne Kleppe framførte eit flott portrett i ord og tonar av kystens trubadur; Johannes Kleppevik. Dottera, Marlèn Kleppevik, var med på treffa og framførte ein av faren sine viser. Leslie Egerer og Tarjei Vatne, profesjonelle musikarar og trubadurar frå Bergen, framførte viser og eit artig show. Irene Simonsen og Jarle Kristoffersen, h.h.v. frå Stord og Haugesund baud på nydelege klassiske perler på piano og cello. Til det siste treffet i 2025, inviterte me Arne Torget. Stuntpoeten frå Kvinnherad hadde nett gjeve ut ny diktsamling og delte raust frå sin fantastiske og underfundige kvardagspoesi, til stor begeistring frå publikum. Det vert alltid sett av god tid til mat og prat på treffa. Serveringa held høg standard og er eit høgdepunkt i seg sjølv. På Reksteren har dei eigen kokk som vartar opp gjestene, medan Haaheim Gaard, Mandelhuset og Laukhamar Fritid serverer eller leverer mat til dei andre bygdene. Litt av suksessen bak desse treffa, er nok at dei vert arrangerte lokalt og nært. Eit anna moment er at me klarar å halda prisen låg,- 200 kr. pr. person. I tillegg har bygdelaga høve til å fakturera kommunen for å få sponsa kvar deltakar med 100 kr. Lokalt og ikkje for dyrt gjer at me får mange med. Kontaktpersonar og tilretteleggjarar i bygdene har vore: Marit Nancie A. Gjøvåg og Jorunn Grahl (Reksteren), Gro Heidi Haukefær (Uggdal), Ingeborg Tysnes (Våge), Anne Kristi Alfstad (Lunde) og Lars Mæland (Tveit/Onarheim) I arrangementskomitèen har desse vore med: Bente Raknes (Tysnes Frivilligsentral), Bente Vee (leiar i Eldrerådet) og Lorentz Lunde (nestleiar i Eldrerådet)

Takk for støtta! Eg har no gjennomført innkjøpa til ei fullt utrusta matvogn. I tråd med vilkår til støtta vart verksemda registrert hjå Mattilsynet 12.12.2025. Investeringa vil gje betre arbeidsforhold og moglegheit for å kunne servere mat heile året. Det vil også føre til at eg kan utvide menyen til for eksempel ulike wok-rettar, nudlar og steikt ris med ulike sausar. Dykkar støtte har vore vesentleg for å kunne vidareutvikle verksemda til å no verte ein heilårs arbeidsplass, og for det er eg veldig takknemleg.

Tysnes gjev meirsmak tok initiativet til å etablere Stolpejakten Tysnes, og har sidan starten hatt ei sentral rolle i å samle lag frå heile øya om eit felles folkehelse- og reiselivstiltak. Gjennom målretta arbeid har prosjektet blitt eit symbol på samarbeid og engasjement i lokalsamfunnet. Saman med idrettslag og bygdelag frå ulike delar av Tysnes har ein bygd opp eit inkluderande og gratis aktivitetstilbod som motiverer både fastbuande og tilreisande til å oppleve naturen – til fots, på eiga hand eller saman med andre. Stolpejakten er eit framifrå døme på korleis frivillig innsats og lokal koordinering kan skape store ringverknader for både helse og samhald. Resultat og utvikling I 2025 deltok 1 565 stolpejegere på Tysnes, med til saman 34 793 innsjekkingar. Dette er noko færre enn året før (2 021 deltakarar og 52 898 innsjekkingar), men aktiviteten per deltakar held seg høg – kvar stolpejeger besøkte i snitt over 20 stolper gjennom sesongen. Det vitnar om eit sterkt engasjement og ein lojal brukarbase som nyttar tilbodet aktivt, trass i at Våge ikkje hadde stolper denne sesongen. Dei fleste deltakarane er mellom 50 og 65 år, men Stolpejakten samlar folk i alle aldrar – frå barnefamiliar til eldre som brukar turane som fast del av kvardagsaktiviteten. Mange deltakarar gjer alle stolpene i sitt område, og fleire tek heile øya. I lokalpressa vart mellom anna Janniche Hole løfta fram som eit døme på korleis Stolpejakten motiverer til utforsking, meistring og naturopplevingar. Trass i litt lågare deltaking enn året før, viser tala at Stolpejakten har etablert seg som eit stabilt og høgt brukt folkehelsetiltak. Den kontinuerlege interessa og det sterke engasjementet frå deltakarane understrekar verdien av å halde tilbodet i gang. Erfaringar frå sesongen Den største forskjellen frå tidlegare år var at Våge ikkje hadde stolper i 2025, noko som truleg forklarer delar av nedgangen i deltakarar. Samtidig har prosjektet opplevd sterk lokal støtte og gode tilbakemeldingar. Dei frivillige laga har lagt ned eit imponerande arbeid med planlegging, kartlegging og vedlikehald, og deltakarane har uttrykt stor glede over variasjonen i både vanskegrad og plassering. Mange framhevar at Stolpejakten har gitt dei eit sterkare forhold til eigen kommune og meir kunnskap om kulturminne og natur. Verdien for folkehelsa Stolpejakten Tysnes er eit lågterskeltilbod med høg effekt. Prosjektet fremjar fysisk aktivitet, sosial kontakt og mental helse – og det skjer på deltakarane sine eigne premissar. Fleire lag understrekar kor viktig tiltaket er som erstatning for «sommartrimmen» og som motivasjonsfaktor gjennom heile sesongen. Prosjektet speglar sentrale berekraftsmål, som god helse og livskvalitet, mindre ulikskap og berekraftige lokalsamfunn. Verdien for reiselivet Stolpejakten har etter kvart også fått stor reiselivsmessig betydning for Tysnes. Deltakarstatistikken viser at stolpejegere frå heile landet finn vegen hit – i 2025 kom dei frå 98 ulike kommunar, med flest frå Bergen og omegn, men også mange frå Bjørnafjorden, Os og andre delar av Vestlandet. For mange tilreisande blir Stolpejakten ein del av ferieopplevinga: ein kombinerer jakt på stolper med turar til lokale attraksjonar, handel og servering. Det skaper trafikk i lokalsamfunnet og bidreg til å profilere Tysnes som ein attraktiv og aktiv destinasjon. På nasjonalt nivå har Stolpejakten blitt eit etablert konsept som knyter saman friluftsliv, teknologi og berekraft – og Tysnes har markert seg som ein av dei kommunane som har lykkast best med å integrere konseptet i lokalt samarbeid og verdiskaping. Vidare arbeid Alle laga frå 2025 har meldt interesse for å delta vidare i 2026. I tillegg har Båtlaget signalisert at dei vil dekke Våge, noko som vil bidra til større deltaking og synlegheit. Det manglar framleis eit lag i Uggdal, men dialogen er i gang for å finne ei løysing. For å nå ut til endå fleire vil prosjektet satse på betre kommunikasjon og synlegheit, der laga deler bilete og oppdateringar i sosiale medium. Oppsummering Stolpejakten Tysnes 2025 har vist at tiltaket leverer meir enn gode tal – det skaper aktivitet, glede og fellesskap. Deltakarane blir meir aktive, lokalsamfunnet står sterkare saman, og Tysnes framstår som ein kommune der frivilligheit, folkehelse og reiseliv går hand i hand.

Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.

No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.

Foto: Tysnes skule I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter






