Oppgradering av kjøkken i det gamle Tinghuset

Bjørg Espevik • November 15, 2021

Då kan Tysnes Bygdekvinnelag seia seg ferdig med prosjekt oppgradering av kjøkken i det gamle Tinghuset. To ivrige damer tok på seg oppgåva, og med uvurderlig praktisk hjelp frå ektefeller, er vi godt nøgde med resultatet. Vi såg etter kvart at dette vart meir omfattande, og dyrare, enn vi hadde sett føre oss. Våre søknadar om sponsormidlar frå andre aktørar enn dei vi tidlegare har fått hjelp av, gav negativt resultat. Vi sette difor i gang ei kronerulling og eit stort lotteri, og bygdekvinner og andre tysnesingar sine bidrag var overveldane, slik at vi kunne gå i gang og få ferdigstilt prosjektet vårt.


I søknaden til Tysnes Kraftlag bad vi om hjelp til å finansiera ny oppvaskmaskin. I den oppstilte sluttrekneskapen har vi teke med 30 dugnadstimar. Dette er berre det som er brukt på å riva den gamle oppvaskbenken, setja opp vasstette kjøkkenplater og få på plass oppvaskbenk og oppvaskmaskin. Utgifter til elektrikar og røyrleggjar er betalt via Tysnes kommune, slik at vi har sluppe moms på desse utgiftene.  


Dersom de støttar oss med dei omsøkte 20 000, vil vi truleg koma i pluss på rekneskapen vår. På utgiftssida har vi ikkje teke med innkjøp av brukt komfyr og to nye panelomnar for å sikra oss mot at vi får frost på det nye røyropplegget. Heller ikkje utgifter til maling av vegger og tak. Vi har elles fått benkeplate og kjøkkenpanel gratis, og antal dugnadstimar brukt på vask, maling og anna nærmar seg 60 timar i tillegg til det som gjekk med til å få på plass oppvaskmaskin- og -benk. Overskotet som vi eventuelt set att med, skal brukast til innkjøp av bestikk og dekketøy, og på sikt lyt vi investera i ny, større varmtvasstank.                                                                                                               


Vi har allereie gjennomført fleire samlingar i det oppussa Tinghuset. Sogelaget hadde lanseringfest for biografien om Johannes Heggland, og høgtideleg opning av huset. Tysnes Bygdekvinnelag har hatt fleire medlemsmøter her, og no sist var vi vertskap for regionsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag. Kjøkkenet har vorte brukt ved alle desse høva, og oppvaskmaskinen og den nye oppvaskbenken innfrir krava til god kjøkkenhygiene.

By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
By Steffen Sleire Opdal December 11, 2025
No er oppussings og renoveringsprosjektet av Ungdomshuset Vonheim kommen der at me vurderar det som ferdigstilt ihht det omsøkte porsjektet som me fekk stønad til hjå kraftlaget. Dette er eit prosjekt som har vert i stadig utvikling og utviding undervegs, og det vil framleis pågå noko arbeider i huset framover innimellom, men huset er no fullt operativt og i bruk, og det som skjer framover er ut over det opprinnelige prosjektet, då me har klart å hanke inn yttarlege finansiering undervegs. Me har no fått ein aktivitets- og kulturarena for framtida. Og laget vil fortsetje å utvikle dette! Her er ein del bilete av arbeidet som er utført i huset. Her er det mange rom som er ombygd/renovert, og mykje tekniske detaljar, så eg har ikkje tatt fått med alt, men har prøvd å få med litt av dei store tinga. Mvh Steffen Sleire Opdal Kasserar Tysnes Ungdomslag
By Patrick Russell Madsen November 24, 2025
Mandelhuset søkte i oktober 2024 om støtte til eit samla program for kompetanseutvikling. Målet var å styrka fagmiljøet, auka rekruttering og byggja vidare på den lokale lærlingtradisjonen. Tiltaka omfatta deltaking i Sjømatspireprosjektet, sommelierutdanning og vidare satsing på lærlingar og rekruttering. Me kunne ikkje prioritert noko av dette her utan stønad frå Tysnes Kraftlag, me sett utruleg stor pris på stønaden!
By Lise Skjåk Dalen November 24, 2025
Onarheim idrettslag har starta med treningar i brasiliansk jiu-jitsu i gymsalen på Onarheim skule kvar onsdag frå kl. 17 - 18. Treningane er opne for alle interesserte, både barn, unge og vaksne. Aktiviteten krev at ein har tilpassa brytematter. Dette har idrettslaget kjøpt inn. Laget har laga 2 stk transportvogner til mattene sjølve på dugnad (10 t arbeid).
By Øystein Vaage November 24, 2025
Laurdag 8. november i Tysneshallen og på Tysnes skule
By Øystein Vaage November 21, 2025
Ein festival frå unge – for unge Tysnesfest UNG 2025 vart gjennomført fredag 11. og laurdag 12. juli under festivalveka, med storslagent program frå kl. 11 til 14:30 begge dagar. Festivalen har etablert seg som ein viktig del av Tysnesfest – men også som ein sjølvstendig arena for barn, ungdom og familiar. Med låg billettpris (200 kr for festivalpass, 130 kr for dagspass) og høg kvalitet på innhaldet, er målet at alle barn og unge på Tysnes skal kunne delta – uavhengig av bakgrunn. Dette er berre mogleg takka vere støtta frå Tysnes Kraftlag, som gjer at TF UNG framleis kan vere ein festival for alle. Totalt vart det selt 116 festivalpass, 72 fredagspass og 114 laurdagspass, i tillegg til rundt 30 frivillige og crew som bidrog i gjennomføringa før, under og etter festivalen. Frivillige i alderen 8–15 år TF UNG er ein festival som faktisk blir driven av dei unge sjølve. Frå billettsjekk og kioskdrift til ansiktsmåling og rigg – det er ungdomar i alderen 8–15 år som får festivalen til å gå rundt. Ungdomsrådet er med som vertskap og deltek i planlegginga. Stemninga blant frivillige var fantastisk – dei opplevde det som gøy, meiningsfullt og sosialt. For mange er dette årets høgdepunkt og eit viktig steg inn i frivillig arbeid og lokal kulturbygging. Program og opplevingar Programmet på Vonheim var fullt av energi, mangfald og kvalitet. Fredagen starta med teaterframsyninga Den magiske koffert, før det vart konsert med Trio Oro, og deretter Ingeborg frå The Voice – før dagen vart avslutta med Mikkel Munthe frå Team Pølse. Laurdagen bød på Poppeloppane, musikalen Frekk og Tidi, og trylleshow med Geir Elling – før to klovnar leia publikum frå Vonheim til hamna, der det vart halde eit spektakulært sjørøvarshow frå skute. I Våge sentrum skapte tivoliet, gateunderhaldninga og publikumsfavorittane Gå planken – grønnsåpe edition og Palleløp liv og latter gjennom heile helga. Vonheim – det nye heimen til TF UNG 2025 var første året festivalen flytta inn i det nyoppussa ungdomshuset Vonheim. Lokalet viste seg å vere perfekt for formålet – sentralt, trygt og med god atmosfære. Med strålande vêr heile helga vart det eit yrande liv både inne og ute, og ein kjærkomen møteplass for familiar i sommarferien. Profilering av Tysnes Kraftlag Tysnes Kraftlag er ikkje berre hovudsponsor, men ein tydeleg del av festivalidentiteten. Kraftlaget blir profilert som «Tysnesfest UNG – presentert av Tysnes Kraftlag» på nettside, plakatar, program og banner utanfor Vonheim. I tillegg vart det produsert ein promofilm med intervju av både frivillige og styreleiar i Tysnes Kraftlag – ein film som viser korleis støtta bidreg til samfunnsnytte og felles opplevingar på Tysnes. Verdien av støtta Støtta frå Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å tilby ei festivaloppleving med profesjonelle artistar, god teknikk og låge billettprisar. Den økonomiske tryggleiken gjer at Tysnesfest UNG kan vere eit inkluderande og inspirerande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av familieøkonomi. Kort sagt: Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å skape kultur, engasjement og fellesskap for den oppveksande generasjonen på Tysnes. Vidare blikk Tysnesfest UNG skal vidareutviklast som eit fyrtårn for barn og unge på Vestlandet – ein festival som løftar fram ungdom, gir meistring og skaper minner for livet. Ambisjonen er å halde fram med å vekse, og på sikt bli den beste festivalen for barn og unge på Vestlandet. Takk til Tysnes Kraftlag for at de gjer draumen om Tysnesfest UNG mogleg – år etter år
Les meir