By Beate Kildal Rønning
•
August 12, 2025
Framsyninga er basert på manuskriptet som vart laga av Johanne Øvstebø Tvedten i samband med 100-årsjubileet til Johannes Heggland i 2019. Regissør Frøydis Flotve hadde omarbeidd stykket noko, slik at det denne gongen var fleire born med, og det var lagt inn meir musikk. Musikalsk leiar var som før Yngve Nikolaisen. Han hadde ansvaret for Gildekoret, som består av åtte kvinner og åtte menn, eit blåseorkester på fem personar, samt to musikantar på trommer. Husorkesteret vårt var som tidlegare år familien Hodneland. Stykket er eit stort løft for teaterlaget, både økonomisk og organisatorisk. 11 born og 16 vaksne skodespelarar stod på scena. Dei var i alderen frå 7 til 72 år. I tillegg deltok brassband med 7 medlemmar, husorkester på 4 personar, Gildekoret på 16 personar, dirigent/musikalsk leiar, regissør, prosjektleiar, 10 personar på kostyme og sminke, 2 på billettsal og kontroll, samt fleire som tok del i rigging/nedrigging i og rundt kyrkja. Dette er personar som kjem frå heile øyo, noko som Tysnes Teaterlag synest er stor stas. Lyd og lys-tenester var levert av Fusa Lyd & Lys. Totalt var dermed fleire enn 80 personar involvert i Spelet om Olavsgildet 2025. Som det går fram av vedlagte timelister, er det ikkje få timar dei frivillige har lagt ned av dugnad for oss. Me er utruleg takksame for dei, og for at Tysnes Kraftlag anerkjenner verdien av dette frivillige arbeidet. Øvingane til stykket tok til i byrjinga av februar, med ei øving i veka på Tysnes skule. Fyrste øving i Onarheimskyrkja var rett før påske. Dei siste to vekene før framsyninga var det intensiv øving fleire gongar i veka, og heile helgene. Nytt i år var at me sette opp eit tilbod om busstransport til fyrste førestilling laurdag. Det vart dessverre ikkje noko oppslutning om dette tilbodet, så me såg oss nøydde til å avlyse bussen to veker før førestillinga. Me kom difor kostnadsfritt frå kanselleringa. Elles er det kjekt å konstatere at me har kome under budsjett på dei fleste av kostnadspostane. Me hadde i alt 378 tilskodarar til dei tre framsyningane, og det er me godt nøgde med. Alle me som var med, er strålande nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum viser at dette vart nok ein stor suksess. Tysnes Teaterlag er svært takksame for støtta som me får frå dykk. Me hadde ikkje vore i stand til å gjennomføre dette prosjektet utan stønaden frå dykk. Me er svært takksame for at de ser verdien av at dette kulturhistoriske spelet vart sett opp på nytt. Tysnes Teaterlag ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne Tysnesingar, både som aktørar, hjelparar og tilskodarar. Dersom de skulle trenge ytterlegare informasjon, er det berre å ta kontakt med underteikna. Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag og Spelet om Olavsgildet. Med venleg helsing Tysnes Teaterlag Kjetil Totland