Opdal Ungdomslag - Oppgradera ytterdører Grendatun
Opdal Ungdomslag - «Oppgradera ytterdører Grendatun»

Grendatun er over tretti år gamalt. Alle ytterdører er originale, særs trekkfulle og tilfredsstiller såleis ikkje dagens krav til isolasjon. Dei er heller ikkje tilpassa dagens straumprisar.
Ytterdører i rømmingsvegar er prioritert for å redusere varmetap/trekk og å oppretthalde sikre utgangar.
OUL brukte mykje tid på å velja rett type fabrikat på desse dørene for at dei skal vare lenge.
No har me fått skifta dei ved hjelp av dyktige fagarbeidarar frå Andersland Bygg.
Nokre tekniske detaljer om dei nye dørene
- Dei er produsert av Gilje Door AS og levert av Andersland Bygg.
- Alle dører har HC, handikap hel aluminium terskel.
- Alle dører har sparkeplate i rustfritt stål innvendig og utvendig.
- Farge på karm og dør begge sider er Blå NCS S 4020 B.
- Accoya i karm og ramtre. Accoya er ikkje en egen tresort, men resultatet av en kjemisk reaksjon treet i dørkarmen utsettast for.
- Glas i dører er: Utvendig Herda Energi. Glasskanal 18mm m/argon. Innvendig Laminert 6,76mm (332)
- Inngang nord, der har me skifta slagretning for å gi betre opning for rullestol.
- Skifta dørpumpe på hovudinngang og inngang til kafé.
Framdrift på tiltaket
Planlegging starta hausten 2022 og blei vedteke gjennomført i januar 2023. Gjennomført dugnad 1 i forkant for å kartlegge alle detaljer.
Planen var å få skifta dørene før felles ferien 2023 og det lukkast me med. Jobben tok til 29 juni og blei avslutta. Då var Andersland bygg ferdig.
Dugnad 2 med å demontere og fjerne døre var og gjennomført. Me gløymte å føre opp at nytt listverk rund dørene må målast. Har likevel ført det opp i dugnad 2 då totalprisen like vel er godt innafor ramma på søknad.
No er alt klart for ferie, Camp Tysnesfest og vidare aktivitet utover hausten.

Hovudinngang.

Inngang kafé

Inngang nord, til dagsenteret.

Nødutgang sal



