Ny hjertestarter i Lunde
Anne Kristi Alfstad • December 8, 2021

I Lunde har vi hatt hjertestarter plassert utanfor Bunnpris i mange år. I haust såg vi at batteriet var i ferd med å gå ut. Det viste seg at garantien og var gått ut pluss at skapet han var montert i var rusta. Vi vedtok difor å kjøpe ny. Vi må vere sikre på at utstyret skal fungere.
Starter blei bestilt via Røde Kors og er no montert på same plass som den forrige. Han er tilknytta 113 og registrert i Norsk Hjertestarterregister
Vi søkte Tysnes Kraftlag om støtte. Dei har gitt oss støtte på inntil 20 000 kr og dette beløpet dekker våre utlegg.
Tusen takk til Tysnes Kraftlag!

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!