NY ELEKTRONIKK 100m BANE – TYSNES SKYTTARLAG

Rolf J. Lunde • July 14, 2020
Ettersom tidlegare elektronikk var moden for utskifting valgte Tysnes Skyttarlag å gå i gang med eit prosjekt for oppgradering av dette anlegget. Prosjektet starta opp med bestilling av nye skiver og nye monitorar (6 stk), der levering av utstyr vart gjort i april 2020. Leverandøren Megalink hadde i sitt tilbod gjeve opsjon på intstallasjon, estimert til kr. 60.000. Etter samtaler med Megalink valgte me å gjere installasjonen sjølv, og dermed redusere kostnaden vesentleg. Det viste seg at dette var stort sett greitt å få til, og samla timeomfang vart beskjedne 20 timar.

I budsjettet var det også satt opp ny PC med tilbehør. Etter ei samla vurdering valgte me ikkje å kjøpe denne. Dette har samanheng med at det ikkje er nødvendig med PC for å gjennomføre jegerskyting. Jegerskyting har fyrste prioritet i dette prosjektet, og me vil i staden nytte ein låne-PC dersom det skulle bli aktuelt å gjennomføre eit DFS-stemne i større regi.
I tillegg har me oppgradert standplass med ei matte (sjå bilete til venstre). Dette har vore etterspurt blant skyttarane våre, og gjev langt større komfort enn det harde underlaget som har vore nytta tidlegare. På 100m bana er det installert 6 nye monitorar med fargeskjerm.
Monitorane kan programmerast ut i frå kva for behov skyttarane har. Normalt har me 4 ordinære «blinkar» og 2 med hjort til oppskyting. Men i år har Miljødirektoratet vedteke at jegarar som jakta i fjor ikkje treng ny oppskyting i år, difor har me så langt satt opp kun 1 hjorteskive.

Skivene på 100m ser slik ut :

Som nevnt ovanfor er det i år satt opp kun 1 hjort. I skivene er det installert elektronikk som registrerer kvar skyttaren treff. I det nye anlegget kan me stole fullt på denne registreringa, mens det i det forrige systemet innimellom gav feilt utslag. Under arbeidet med å installere skivene vart det også avdekka eit behov for noko meir sand i vollen, dette vart difor bestilt og levert lokalt av Runes Maskin.

Anlegget vart ferdigstilt og testa i siste del av mai 2020. Pga. korona situasjonen starta jegerskytinga ikkje opp før 22.mai. Me ser at deltakinga ber preg av at jegarane formelt ikkje treng gå på skytebanen i år, men anlegget har i alle fall fungert 100% slik det skal !


Me vil til sist rette ei stor takk til Tysnes Kraftlag AS for støtta til prosjektet !


For styret i Tysnes Skyttarlag, Rolf J. Lunde / kasserar og leiar jegerutvalet

By Jorunn Grahl August 19, 2025
Asfaltering av oppkjørsel og parkeringsplass ved RIL. ble gjennomført 19-20-mai 2025 og vi er veldig fornøyd. Tilbakemelding er veldig positiv og vi takker for støtten.
By Silje Lunde og Terje Sløgedal August 19, 2025
I området aust på øya med utsikt mot Kvinnheradsfjella finn de no den Blå skule hagen. Elevane har bygd fire plantekasser kor det veks poteter, gulrøtter, bønner, salat og purre. Det er og planta eple og plomme trær. No kryssar me alt som kryssast kan for at øya om få år kan gje epler og plommer til ferierande. Det har vore eit svært kjekt prosjekt ilag med Solstråløya sitt venelag og Kraftlaget. Me takkar for støtten og ser fram til å sette opp Kraftlaget sitt skilt. For Blå skule og Solstråleøya sitt venelag Terje Sløgedal og Silje Lunde
By Susanna Heggland August 13, 2025
Bilete frå kursopplegg
By Nils Tornes August 12, 2025
Bingo, Basar, Konsert, Kurs, dugnad, historie-kveld og andre sosiale og kulturelle aktiviteter. Vedlikehold av badestrand. I 2025 også organisering og dugnad på bygging og utbedring av turstier tilpasset Turistforeningens standard.
By Yngve Nikolaisen August 12, 2025
High school musical vart gjennomført med fleire framsyningar i Grendatun. Kostnadane vart mykje høgare enn slik det står i søknaden.
By Beate Kildal Rønning August 12, 2025
Framsyninga er basert på manuskriptet som vart laga av Johanne Øvstebø Tvedten i samband med 100-årsjubileet til Johannes Heggland i 2019. Regissør Frøydis Flotve hadde omarbeidd stykket noko, slik at det denne gongen var fleire born med, og det var lagt inn meir musikk. Musikalsk leiar var som før Yngve Nikolaisen. Han hadde ansvaret for Gildekoret, som består av åtte kvinner og åtte menn, eit blåseorkester på fem personar, samt to musikantar på trommer. Husorkesteret vårt var som tidlegare år familien Hodneland. Stykket er eit stort løft for teaterlaget, både økonomisk og organisatorisk. 11 born og 16 vaksne skodespelarar stod på scena. Dei var i alderen frå 7 til 72 år. I tillegg deltok brassband med 7 medlemmar, husorkester på 4 personar, Gildekoret på 16 personar, dirigent/musikalsk leiar, regissør, prosjektleiar, 10 personar på kostyme og sminke, 2 på billettsal og kontroll, samt fleire som tok del i rigging/nedrigging i og rundt kyrkja. Dette er personar som kjem frå heile øyo, noko som Tysnes Teaterlag synest er stor stas. Lyd og lys-tenester var levert av Fusa Lyd & Lys. Totalt var dermed fleire enn 80 personar involvert i Spelet om Olavsgildet 2025. Som det går fram av vedlagte timelister, er det ikkje få timar dei frivillige har lagt ned av dugnad for oss. Me er utruleg takksame for dei, og for at Tysnes Kraftlag anerkjenner verdien av dette frivillige arbeidet. Øvingane til stykket tok til i byrjinga av februar, med ei øving i veka på Tysnes skule. Fyrste øving i Onarheimskyrkja var rett før påske. Dei siste to vekene før framsyninga var det intensiv øving fleire gongar i veka, og heile helgene. Nytt i år var at me sette opp eit tilbod om busstransport til fyrste førestilling laurdag. Det vart dessverre ikkje noko oppslutning om dette tilbodet, så me såg oss nøydde til å avlyse bussen to veker før førestillinga. Me kom difor kostnadsfritt frå kanselleringa. Elles er det kjekt å konstatere at me har kome under budsjett på dei fleste av kostnadspostane. Me hadde i alt 378 tilskodarar til dei tre framsyningane, og det er me godt nøgde med. Alle me som var med, er strålande nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum viser at dette vart nok ein stor suksess. Tysnes Teaterlag er svært takksame for støtta som me får frå dykk. Me hadde ikkje vore i stand til å gjennomføre dette prosjektet utan stønaden frå dykk. Me er svært takksame for at de ser verdien av at dette kulturhistoriske spelet vart sett opp på nytt. Tysnes Teaterlag ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne Tysnesingar, både som aktørar, hjelparar og tilskodarar. Dersom de skulle trenge ytterlegare informasjon, er det berre å ta kontakt med underteikna. Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag og Spelet om Olavsgildet. Med venleg helsing Tysnes Teaterlag Kjetil Totland
By Knut Hollekim June 25, 2025
Hausten 24 klipte me rododendroane. I vår har me grave bort torv og fjerna lauv. Har vaska området med høgtrykkspyler. Tysnes og Sh. gravferdsb. har vaska bautasteinen og malt opp att teksten på steinen.
By Anfinn Kleppe June 19, 2025
Takker først for innvilga søknad. Tiltaket har teke noko tid grunna kapasitet frå montør blant anna. Me har sjølve gjort ein eigeninnsats på tiltaket. Det er montert inn varmepumpe Toshiba SDI 801 som er tilsvarande spesifikasjonar som Aritech tok med i sin evaluering. Når det gjeld belysning så er det montert 23 stk T-Line armatur som da er for belysning i lokalet, i tillegg kjem 21 stk Spottar Lobus som er i bruk for å belyse enkeltpunkt i butikk. Dette tiltak skal ut fra evaluering gje gode resultat ang. strømforbruk, men det me og ser er at lokaler er blitt mykje meir innbydande. Me får visst fram vareutval på ein mykje betre måte. Me vil igjen takka for den økonomiske stønaden slik at me kunne utføre dette prosjektet i sin heilhet. Mvh Anfinn Kleppe Styreleiar Annes Klær AS
By Øystein Flakke June 18, 2025
Malkenesrunden prosjektet med oppstart i januar 2022, er no stort sett ferdig, og det gjenstår grovt sett å kjøre ut litt meir opprettingsmasse, og strø ut litt meir grus enkelte stader. Me er på 3. året i prosjektet og det er utført dugnadsarbeid for over 344 000 kr, og me har handla varer og tenester for 680 000 kr. No kan ein gå tørrskodd gjennom heile den 4,2 km lange løypa, samt på den nye avstikkaren ut til utsiktspunktet på Steinåsen. Dei 180 høgdemetrane ein må gjennom i denne fredelige skogsløypa, gir god pust og puls, og er viktige for treningsfaktoren ein får med ein tur. Me vil takka Tysnes Kraftlag som har støtta oss med 500 000kr i dette prosjektet. Saman med SIM-Miljøfond og SMIL-midlar, har me fått dekka innkjøpa våre på 680000kr. Og ikkje minst ei stor takk til alle frivillige som har brukt av fritida si og gitt oss evne til å gjennomføra prosjektet. Det er notert totalt 856 dugnadstimer i prosjektet. Dette er eit stort løft for folkehelse og bulyst. Og Malkenesrunden er ein svært god møteplass! Takk for alle bidrag. Mvh Prosjektgruppa og Lunde Bygdalag! Her er diverse bilder frå prosjektet.
By Knut Jarle Kleppe June 16, 2025
Då den nærmeste offentlige hjertestarteren finnes i Uggdal sentrum så har Kongsvik grendalag kjøpt inn og fått montert opp hjertestarter på utvendig mur i Kongsvik grendahus. Hjertestarteren er registrert inn hos Hjertestarterregisteret 113.no Takker for støtten fra Tysnes Kraftlag.
Les meir