Njardar/Tysnes - Innkjøp triksenett - motivasjonsfremjande tiltak
Solfrid Burkeland Smith • June 26, 2022

Njardar/ Tysnes G8 hadde sommaravslutning for laget 9.juni 2022 i «Slengdisseskogen» i Uggdal.
Det blei ei kjekk og sosial stund for gutane, med mykje leik og moro – samt felles kveldsmat.
Grunna sein postgang var ikkje «overraskinga» i form av triksenett kome med posten. Desse vart difor utdelt under fotballskulen på Reiso 14.juni 2022. På bakgrunn av at det på Reiso var 110 deltakarar på fotballskulen, og berre 9 gutar som skulle få triksenett – blei dette gjort diskrè i etterkant av fotballskulen til alle på laget (til stor begeistring for gutane).
G8 takkar så mykje for stønaden!
På vegne av laget Solfrid Burkeland Smith, trenar/ lagleiar

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!