Njardar/Tysnes G8/9 - Feiring av sesongavslutning
Solfrid Burkeland Smith • January 28, 2025

Måndag 13. november hadde Njardar/ Tysnes G8/9 sesongavslutning med pizza og utdeling av pokalar på Kompasset i Uggdal.
14 gutar og to trenarar deltok. I tillegg var nokre foreldre og søsken også med oss på Kompasset.
Alle gutane var nøgde med pizza og brus, samt pokal med eige namn på. Til neste år var det ønskje om pokal som var «ekte» (her er nok ein del som ser opp til store internasjonale fotballstjerner)! Foreldre/ søsken som deltok betalte for seg sjølv.

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!