Matskattar - Sjølvbetent lokalmatbutikk

Irene Dalland og Ranjeeta Aarvik • January 24, 2024

Bakgrunn for prosjektet:

Beskriving av bakgrunn for prosjektet/tiltaket/investeringa: Me mangler ein stad i Våge der ein kan få tak i lokalprodusert mat og varer. Småskala produsentar har ikkje

anledning til å jobba seg inn til grossist og mangler ein salskanal på Tysnes. Me har

mange flinke produsentar på Tysnes og i omegn. Me ynskjer å tilretteleggja for desse.

 

Prosjektmål:

  • Lavterskel salskanal
  • Gje alle som handlar på Tysnes moglegheit til å handla lokal og kvalitetsvarer.
  • Skapa auka aktivitet i Våge sentrum

 

Forventa resultat i forkant av prosjektet:

  • Meir sal og dermed bærekraftig utvikling for lokale matprodusenter og bønder.
  • Meir sal og aktvitet til dei andre verksemdene i Våge sentrum.
  • Utvikling av fleire lokalmatkonsept og utviding av eksisterande på Tysnes og omegn.

 

Plan for gjennomføring

Opning til julesesongen 2022. Evaluering august 2023.

 

Nøkkelproblem og utfordringar:

  • System for å visa kunden kven dei skal betala til
  • Nok engasjement og sal til at det er bærekraftig vidare.


Konseptet:

  • Sjølvbetent lokalmatbutikk der kundar betalar med VIPPS direkte til produsent.
  • Ope samme tid som Ivyelli i samme bygg
  • Produsentar har sjølv ansvar og risiko for sine varer
  • Tydelige skilt og merka varer med betalingsinfo til dei ulike produsentane
  • Oversikt over produsentar som selte varar i butikken:
  • Fru Aarvik
  • Garden på Dalland
  • Vossabia
  • Lynghaugane møbelverkstad
  • Myrdal gard
  • Tveitakjerring
  • Lygre Livsgard
  • Gjengevoll Mangesysleri
  •  Isrosa
  • Bøkampen utegangarlam
  • Siw Raw
  • Tysnesfellen
  • Homlagarden
  • Heljetunet


Resultat:

Den sjølvbetente butikken «Matskattar» opna i november 2022, og hadde bra sal i forbindelse med julehøgtida 2022. Attendemeldingar frå kunder og lokalbefolkning var svært god, og mange var veldig nøgd med tilbodet.

Utover vinteren stoppa salet nesten totalt, med unntak av bakervarer utvalte laurdagar «Fru Aarvik» hadde utsal. Dei andre produsentane selte ikkje mange produkt og det blei dårleg sal gjennom vinteren og våren. Både «Garden på Dalland» og «Fru Aarvik» nytta sine SOME kanalar for å markedsføra for den sjølvbetente butikken, og sjølv om me fekk mange gode ord og attendemeldingar på SOME var det lite omsetning i sjølve butikken.

Salet tok seg litt opp når sommaren kom, men det var langt i frå det ein kan sjå som berekraftig då ingen utanom «Fru Aarvik» hadde omsetning til å vera interessert i å betala husleiga. Etter å ha evaluert salet og hatt dialog med alle produsentane som hadde varer i butikken, blei det bestemt at det ikkje ville vera mogleg å vidareføra konseptet. Butikken blei rydda vekk i utgangen av september 2023.

Måla som blei satt og som ikkje blei nådd:

× Meir sal og dermed bærekraftig utvikling for lokale matprodusenter og bønder.

×Meir sal og aktvitet til dei andre verksemdene i Våge sentrum.

×Utvikling av fleire lokalmatkonsept og utviding av eksisterande på Tysnes og omegn.
 
Konklusjon:

Måla blei ikkje nådd og slik me ser det er det fleire moglege grunnar til det:

  • Betalingssystem. Ein del kundar hadde ikkje moglegheit til å betala med VIPPS (til dømes utenlandske turistar, eldre mennesker)
  • Opningstida var for kort (10-16, måndag-laurdag)
  • Kundegrunnlaget på Tysnes er for lite.
  • Plassering kan vere ein grunn, spesielt parkering kunne vera utfordrande.
  • For lite marknadsføring
  • For varierande tilbod i vareutvalet gjennom året, og for lite informasjon om kvifor det var slik. (sesongvarer f.eks)


Bortsett frå at salet uteblei, er me veldig nøgd med å ha testa konseptet. Mange har vist interesse frå andre fylker og småstader og blitt inspirert til å muligens gjennomføra liknande konsept. Det syns me er stas! I tillegg byggja mange produsentar nettverk seg i mellom, og underteikna fekk erfaring med logistikk, marknadsføring, oppfølging. Fleire kundar fekk og kjennskap til fleire lokale produsentar i lokalmiljøet.


Me vil takka for moglegheita og vil sei at me syns forsøket var vel verdt (dei mange timane) med tanke på lærdom og nettverksbygging.
 
 

By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
By Steffen Sleire Opdal December 11, 2025
No er oppussings og renoveringsprosjektet av Ungdomshuset Vonheim kommen der at me vurderar det som ferdigstilt ihht det omsøkte porsjektet som me fekk stønad til hjå kraftlaget. Dette er eit prosjekt som har vert i stadig utvikling og utviding undervegs, og det vil framleis pågå noko arbeider i huset framover innimellom, men huset er no fullt operativt og i bruk, og det som skjer framover er ut over det opprinnelige prosjektet, då me har klart å hanke inn yttarlege finansiering undervegs. Me har no fått ein aktivitets- og kulturarena for framtida. Og laget vil fortsetje å utvikle dette! Her er ein del bilete av arbeidet som er utført i huset. Her er det mange rom som er ombygd/renovert, og mykje tekniske detaljar, så eg har ikkje tatt fått med alt, men har prøvd å få med litt av dei store tinga. Mvh Steffen Sleire Opdal Kasserar Tysnes Ungdomslag
By Patrick Russell Madsen November 24, 2025
Mandelhuset søkte i oktober 2024 om støtte til eit samla program for kompetanseutvikling. Målet var å styrka fagmiljøet, auka rekruttering og byggja vidare på den lokale lærlingtradisjonen. Tiltaka omfatta deltaking i Sjømatspireprosjektet, sommelierutdanning og vidare satsing på lærlingar og rekruttering. Me kunne ikkje prioritert noko av dette her utan stønad frå Tysnes Kraftlag, me sett utruleg stor pris på stønaden!
By Lise Skjåk Dalen November 24, 2025
Onarheim idrettslag har starta med treningar i brasiliansk jiu-jitsu i gymsalen på Onarheim skule kvar onsdag frå kl. 17 - 18. Treningane er opne for alle interesserte, både barn, unge og vaksne. Aktiviteten krev at ein har tilpassa brytematter. Dette har idrettslaget kjøpt inn. Laget har laga 2 stk transportvogner til mattene sjølve på dugnad (10 t arbeid).
By Øystein Vaage November 24, 2025
Laurdag 8. november i Tysneshallen og på Tysnes skule
By Øystein Vaage November 21, 2025
Ein festival frå unge – for unge Tysnesfest UNG 2025 vart gjennomført fredag 11. og laurdag 12. juli under festivalveka, med storslagent program frå kl. 11 til 14:30 begge dagar. Festivalen har etablert seg som ein viktig del av Tysnesfest – men også som ein sjølvstendig arena for barn, ungdom og familiar. Med låg billettpris (200 kr for festivalpass, 130 kr for dagspass) og høg kvalitet på innhaldet, er målet at alle barn og unge på Tysnes skal kunne delta – uavhengig av bakgrunn. Dette er berre mogleg takka vere støtta frå Tysnes Kraftlag, som gjer at TF UNG framleis kan vere ein festival for alle. Totalt vart det selt 116 festivalpass, 72 fredagspass og 114 laurdagspass, i tillegg til rundt 30 frivillige og crew som bidrog i gjennomføringa før, under og etter festivalen. Frivillige i alderen 8–15 år TF UNG er ein festival som faktisk blir driven av dei unge sjølve. Frå billettsjekk og kioskdrift til ansiktsmåling og rigg – det er ungdomar i alderen 8–15 år som får festivalen til å gå rundt. Ungdomsrådet er med som vertskap og deltek i planlegginga. Stemninga blant frivillige var fantastisk – dei opplevde det som gøy, meiningsfullt og sosialt. For mange er dette årets høgdepunkt og eit viktig steg inn i frivillig arbeid og lokal kulturbygging. Program og opplevingar Programmet på Vonheim var fullt av energi, mangfald og kvalitet. Fredagen starta med teaterframsyninga Den magiske koffert, før det vart konsert med Trio Oro, og deretter Ingeborg frå The Voice – før dagen vart avslutta med Mikkel Munthe frå Team Pølse. Laurdagen bød på Poppeloppane, musikalen Frekk og Tidi, og trylleshow med Geir Elling – før to klovnar leia publikum frå Vonheim til hamna, der det vart halde eit spektakulært sjørøvarshow frå skute. I Våge sentrum skapte tivoliet, gateunderhaldninga og publikumsfavorittane Gå planken – grønnsåpe edition og Palleløp liv og latter gjennom heile helga. Vonheim – det nye heimen til TF UNG 2025 var første året festivalen flytta inn i det nyoppussa ungdomshuset Vonheim. Lokalet viste seg å vere perfekt for formålet – sentralt, trygt og med god atmosfære. Med strålande vêr heile helga vart det eit yrande liv både inne og ute, og ein kjærkomen møteplass for familiar i sommarferien. Profilering av Tysnes Kraftlag Tysnes Kraftlag er ikkje berre hovudsponsor, men ein tydeleg del av festivalidentiteten. Kraftlaget blir profilert som «Tysnesfest UNG – presentert av Tysnes Kraftlag» på nettside, plakatar, program og banner utanfor Vonheim. I tillegg vart det produsert ein promofilm med intervju av både frivillige og styreleiar i Tysnes Kraftlag – ein film som viser korleis støtta bidreg til samfunnsnytte og felles opplevingar på Tysnes. Verdien av støtta Støtta frå Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å tilby ei festivaloppleving med profesjonelle artistar, god teknikk og låge billettprisar. Den økonomiske tryggleiken gjer at Tysnesfest UNG kan vere eit inkluderande og inspirerande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av familieøkonomi. Kort sagt: Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å skape kultur, engasjement og fellesskap for den oppveksande generasjonen på Tysnes. Vidare blikk Tysnesfest UNG skal vidareutviklast som eit fyrtårn for barn og unge på Vestlandet – ein festival som løftar fram ungdom, gir meistring og skaper minner for livet. Ambisjonen er å halde fram med å vekse, og på sikt bli den beste festivalen for barn og unge på Vestlandet. Takk til Tysnes Kraftlag for at de gjer draumen om Tysnesfest UNG mogleg – år etter år
Les meir