Mandelhuset Eigendom - Arbeid med reguleringsarbeid

Patrick Russell Madsen • February 9, 2025

Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling

Innleiing

Mandelhuset Eigedom AS søkte i februar 2024 om støtte til planarbeid knytt til etablering av eit hotell i Våge. Me fekk tilsagn på kr 75 000,- frå Tysnes Kraftlag, noko me set stor pris på. Denne rapporten skildrar framdrifta i prosjektet, utført arbeid, kostnadsoversikt og stadfestar at reguleringsplanen no er sendt til Tysnes kommune for vidare handsaming.

Utført arbeid

Gjennom det siste året har me arbeidd med detaljregulering av området der Mandelhuset driv restaurant i dag. Målet har vore å leggje til rette for hotellutvikling som kan styrkje reiselivstilbodet i kommunen og sikre fleire arbeidsplassar.

Arbeidet har omfatta:

• Utarbeiding av planinitiativ og gjennomføring av oppstartsmøte med Tysnes kommune.

• Samarbeid med arkitekt og fagkonsulentar for å utarbeide reguleringsplanen.

• Involvering av Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS og Grung Arkitektur AS for teknisk og arkitektonisk rådgjeving.

• Innsending av reguleringsplan til Tysnes kommune for vidare sakshandsaming.

Reguleringsarbeidet har vore ein nødvendig prosess for å sikre ei forsvarleg og føreseieleg utbygging av eit framtidig hotell. Planen inneheld reguleringsføresegner og kartgrunnlag som legg til rette for utbygginga.


Kostnadsoversikt

Under følgjer ei oversikt over faktiske kostnader i samband med reguleringsarbeidet:


• Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS

o 2024: Kr 263 582,- eks. mva (Kr 329 477,50 inkl. mva)

o 2025: Kr 27 500,- eks. mva (Kr 34 375,- inkl. mva)


• Grung Arkitektur AS

o 2024: Kr 61 200,- eks. mva (Kr 76 500,- inkl. mva)

o 2025: Kr 3 400,- eks. mva (Kr 4 250,- inkl. mva)


• KYSTARBEID AS

o 2024: Kr 68 306,25 eks. mva (samla beløp)


Total kostnad for reguleringsarbeidet: Kr 424 988,25 eks. mva (Kr 518 609,25 inkl. mva)


Denne delen av prosjektet er no fullført og innsendt til kommunen. Videre blir det å venta til høyringsrundane er ferdig og vonleg starta på arbeidet rundt finansiering.


Takk til Tysnes Kraftlag


Me ønskjer å rette ei stor takk til Tysnes Kraftlag for støtta på kr 75 000,-. Bidraget har vore med på å sikre gjennomføringa av dette viktige planarbeidet. Dette er eit prosjekt som vonleg vil ha stor verdi for Tysnes, både gjennom auka næringsaktivitet, nye arbeidsplassar og eit styrka reiselivstilbod.


Me ser no fram til vidare sakshandsaming i kommunen og håpar at dette kan legge grunnlaget for realisering av hotellet i framtida.


Med venleg helsing, Patrick Madsen Dagleg leiar, Mandelhuset Eigedom AS

By Knut Hollekim June 25, 2025
Hausten 24 klipte me rododendroane. I vår har me grave bort torv og fjerna lauv. Har vaska området med høgtrykkspyler. Tysnes og Sh. gravferdsb. har vaska bautasteinen og malt opp att teksten på steinen.
By Anfinn Kleppe June 19, 2025
Takker først for innvilga søknad. Tiltaket har teke noko tid grunna kapasitet frå montør blant anna. Me har sjølve gjort ein eigeninnsats på tiltaket. Det er montert inn varmepumpe Toshiba SDI 801 som er tilsvarande spesifikasjonar som Aritech tok med i sin evaluering. Når det gjeld belysning så er det montert 23 stk T-Line armatur som da er for belysning i lokalet, i tillegg kjem 21 stk Spottar Lobus som er i bruk for å belyse enkeltpunkt i butikk. Dette tiltak skal ut fra evaluering gje gode resultat ang. strømforbruk, men det me og ser er at lokaler er blitt mykje meir innbydande. Me får visst fram vareutval på ein mykje betre måte. Me vil igjen takka for den økonomiske stønaden slik at me kunne utføre dette prosjektet i sin heilhet. Mvh Anfinn Kleppe Styreleiar Annes Klær AS
By Øystein Flakke June 18, 2025
Malkenesrunden prosjektet med oppstart i januar 2022, er no stort sett ferdig, og det gjenstår grovt sett å kjøre ut litt meir opprettingsmasse, og strø ut litt meir grus enkelte stader. Me er på 3. året i prosjektet og det er utført dugnadsarbeid for over 344 000 kr, og me har handla varer og tenester for 680 000 kr. No kan ein gå tørrskodd gjennom heile den 4,2 km lange løypa, samt på den nye avstikkaren ut til utsiktspunktet på Steinåsen. Dei 180 høgdemetrane ein må gjennom i denne fredelige skogsløypa, gir god pust og puls, og er viktige for treningsfaktoren ein får med ein tur. Me vil takka Tysnes Kraftlag som har støtta oss med 500 000kr i dette prosjektet. Saman med SIM-Miljøfond og SMIL-midlar, har me fått dekka innkjøpa våre på 680000kr. Og ikkje minst ei stor takk til alle frivillige som har brukt av fritida si og gitt oss evne til å gjennomføra prosjektet. Det er notert totalt 856 dugnadstimer i prosjektet. Dette er eit stort løft for folkehelse og bulyst. Og Malkenesrunden er ein svært god møteplass! Takk for alle bidrag. Mvh Prosjektgruppa og Lunde Bygdalag! Her er diverse bilder frå prosjektet.
By Knut Jarle Kleppe June 16, 2025
Då den nærmeste offentlige hjertestarteren finnes i Uggdal sentrum så har Kongsvik grendalag kjøpt inn og fått montert opp hjertestarter på utvendig mur i Kongsvik grendahus. Hjertestarteren er registrert inn hos Hjertestarterregisteret 113.no Takker for støtten fra Tysnes Kraftlag.
By Merete Fjelltveit Flakke June 4, 2025
Prosjektet ved Tysnessåto blei formelt avslutta 24. april 2025, etter ferdigstilling av området rundt namnesteinen ved startpunktet for stien i Myrdal. Arbeidet som blei utført i 2024–2025 omfatta mellom anna: • Ferdigstilling av trinn på toppen av Gråuro • Utløgging av steinheller/klopper i blaute parti før «Såte-brekkene» • Drenering og grusing i nedre del av stien • Opparbeiding og tilrettelegging av inngangspartiet • Opprydding ved helikopterlandingsplassen etter anleggsarbeidet.  Vi takker for verdifull støtte som har gjort det mogleg å fullføre prosjektet til stor glede for turgåarar i Tysnesfjella.
By Betsy H. Nikolaisen June 4, 2025
Støtte til gjennomføring av show 20. og 21. februar 2025 braka det atter ein gong laus med forrykande 10.klasseshow i Vonheim. Den årlege tradisjonen som tiendeklassingar på Tysnes står for klarte å fylle huset to kveldar på rad. Showet er laga av ungdomane sjølv- både idear, manus, kulisser og gjennomføring- med trygg og god vegleiing frå musikklærar på Tysnes skule Elin Bergesen. Dei skuffa ikkje! Elevane haldt trykket oppe gjennom heile kvelden, både torsdag og fredag, med song, dans, sketsjar, nyheiter, dating, Mesternes mester, moteshow og mange overraskingar. For å gjennomføra eit såpass stort arrangement må dei føresette til elevane bidra med mykje dugnadsarbeid og dei føresette har ansvar for alt det praktiske og økonomiske. Det er eit stort arbeid, men verkeleg verdt det. På 10.klasseshow får alle lov å prøve seg. Ungdomane får vera kreative, øve på samarbeid og planlegge gjennomføring av eit stort arrangement. Arbeidet dei legg ned skaper samhald og eit godt klassemiljø. Både lærerikt og kjempegøy! Bladet Tysnes hadde ei flott sak om showet ein kan lesa her https://www.tysnesbladet.no/oypuls/fullt-hus-og-god-stemning-pa-tiandeklasseshow/244403 Me er utruleg takksame for at me har med oss viktige støttespelarar som Tysnes Kraftlag, som igjen viser at dei verdset og trur på Tysnes-ungdomen. Tusen takk for støtta!
By Monica Hoff Utne June 4, 2025
I epost 21.06.24 fikk eg ein glad epost om at Tysnes Kraftlag hadde vedteke å støtte mitt prosjekt med produksjon av musikk. Eg takker så mykje for tilskot til mitt 2. album: “Våke” som ble sluppet 07.03.25, som inneheld 11 nye låtar. I forkant av slippet hadde eg 3 single slipp med 3 vekers mellomrom: 03.01.25, 24.01.25 og 14.02.25. Dette for å lage blest rundt kommande album. Eg har allereie delteke på ulike arrangement på Tysnes med fleire av dei nye låtane mine, og er i gang med å booke nye event både lokalt og utforbi øya. Sist fredag 28.03.25 deltok eg på visekveld på Naustet på Mandelhuset saman med flinke lokale artistar. Eg hadde med meg 3 av mine låtar og song med akkompanjement av Endre Hodneland i eit smikkfult Naust. Det var utrolig kjekt, og eg skal gjerne bli med fleire gonger på det arrangementet. Denne gongen har eg teke på meg all promotering og markedsføring sjøl, og det er lagt plan på dette frametter. Eg vonar eg får merksemd og månge lyttingar og kjekke oppdrag. Eg har fått omtale i Bladet Tysnes 02.01.25 og 12.02.25 ved singleslipp, der eg takka eg mellom anna Tysnes Kraftlag, som ein viktig bidragsyter til fremmjing av kulturelt arbeid i kommunen. Tysnesingen har også bidrege med fine omtaler. Eg har også fått fleire gode omtaler mellom anna på RadiOs, kor dei varmt omtaler musikken min, Tysnes øy, og det kulturelle arbeidet som mellom anna Tysnesfest bidreg med. Dei omtaler Tysnes som ein kulturell blomstrande kommune med monge flinke talent. Musikken har blitt spelt på radio ved fleire høveog eit par av låtane har blitt lista der også. Musikkanmelder har også anmeldt ei av mine låter, og lista den. Det er svært positivt. Godt arbeid med promotering har også ført til auka lytt på dei ulike musikkplattformane. I tillegg har eg fått produsert backdrop, som skal være med på mine konsertar, montert logo for nytt album på bilen min og driv med aktiv markedsføring for musikken både lokalt og på SOME plattformar.
By Kenneth Røssland May 19, 2025
Tysnes Røde Kors Hjelpekorps samman med dei andre nødetatane på Tysnes avholdt en felles øving i Erdalen. Øvinga gikk ut på sammhandling ved større ulykker. Dagen ble starta i Grendatun, hvor vi hadde en bordøving deretter ble det en fulskala øving i Erdalen med 2 biler som var kolidert. Det vart brukt markørar for å spille skada og savna. Det ble servert rundstykker etter bordøvinga og pizza etter øvelsen på kvelden i forbindelse med evaluering.
By Henrik Aakre May 13, 2025
No er 12 nye 3-lags vindu montert, 6 i vest, 5 i sør og 1 i aust, på bare 6 arbeidsdagar. Prosjektet har vore planlagt, utreia og kvalitetssikra saman med Andersland Bygg og sidan mars i 2023, så det har tatt 2 år.
By Aase Hjertaker May 13, 2025
Onarheim Bedehuslag har fått støtte til varmepumpe, inventar og vedlikehald av Onarheim Bedehus. Støttemidlane skal gjere huset meir attraktiv til å brukast til ulike føremål som til dømes feiring av barnedåp, konfirmasjonar og minnestunder. Inventaret som er kjøpt inn innfattar blant anna kjøkkenutstyr, reingjeringsutstyr og persienner. Arbeidet med å prosjektere, gjere innkjøp, utføre vedlikehald er blitt utført ved dugnadstimar. Onarheim Bedehus er eit kulturhus i lokalsamfunnet som kan brukast av alle til kultursamlingar og viktige markeringar i livet. Me vil takka for støttemidlar frå Tysnes Kraftlag! Helsing styret i Onarheim Bedehuslag
Les meir