Mandelhuset AS - Kompetanseutvikling

Patrick Russell Madsen • November 24, 2025

Mandelhuset søkte i oktober 2024 om støtte til eit samla program for kompetanseutvikling. Målet var å styrka fagmiljøet, auka rekruttering og byggja vidare på den lokale lærlingtradisjonen. Tiltaka omfatta deltaking i Sjømatspireprosjektet, sommelierutdanning og vidare satsing på lærlingar og rekruttering. Me kunne ikkje prioritert noko av dette her utan stønad frå Tysnes Kraftlag, me sett utruleg stor pris på stønaden!

Gjennomføring
1. Sjømatspireprosjektet 2024–2025

Mandelhuset har deltatt saman med ungdomsskulen og Smak av Kysten for å inspirera ungdom til å bruka sjømat. To kokkar frå Mandelhuset heldt praktiske kurs og matverkstad over to dagar på skulen hausten 2024 og 2025. (som igjen har resultert at eine kokken vår har fått fleire oppdrag på skuler i Bergen for Smak Av Kysten, så Tysnes lærer opp byfolket om sjømat, det må sjåast på som ein siger!
• Resultat: 70 elevar deltok, og me fekk svært gode tilbakemeldingar frå både lærarar og elevar. Fleire har meldt interesse for kokkeyrket.
• Bruk av midlar: Prosjektet kosta om lag 9 600 kroner. Tysnes Kraftlag sitt bidrag (kr 3 000) dekka lønnsdelen som ikkje vart finansiert av Smak av Kysten.

2. Sommelierstudie 2025
Ein tilsett har gjennomført første år av sommelierutdanninga.
• Resultat: Kompetansen i vin og drikkevarer har auka betydeleg. Me tilbyr no meir heilskaplege vinpakkar og kurs for gjestar.

3. Lærlingssatsing 2025
Mandelhuset har brukt over 200 timar på rekruttering, opplæring og deltaking på messer og skulebesøk.
• Resultat: Me har no ein aktive lærlingar og ein ny kontrakt for 2026.

Her får kronprinsen litt ekstra kunnskap om kokkefaget, kanskje han blir vår neste lærling?

Effekt og samfunnsnytte
Prosjektet har hatt tydeleg effekt både internt og i lokalsamfunnet:
• Fagkompetansen på Mandelhuset har auka, særleg innan vin og sjømat.
• Me har fornya menyar, rutinar og fagprofil basert på ny kunnskap.
• Rekrutteringa til kokkeyrket på Tysnes har fått ny merksemd, og ungdom i kommunen har fått møte lokale fagfolk.
• Me har fått ein ny lærling direkte ut frå dette arbeidet, etter besøk på skuler.
Prosjektet har dermed gitt reell kompetansebygging og verdiskaping, og er eit godt døme på korleis små verksemder kan utvikla seg gjennom samarbeid og læring.

Oppsummering
Støtta frå Tysnes Kraftlag har vore avgjerande for å løfta kompetansen på Mandelhuset og for å skapa ringverknader for reiseliv og lokalsamfunn. Me er svært takksame for støtta og håpar denne rapporten syner verdien av prosjektet.

By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
Les meir