Lunde Bygdalag - Tursti 5690 - Malkenesrunden/Steinåsen prosjektet

Malkenesrunden prosjektet med oppstart i januar 2022, er no stort sett ferdig, og det gjenstår grovt sett å kjøre ut litt meir opprettingsmasse, og strø ut litt meir grus enkelte stader.
Me er på 3. året i prosjektet og det er utført dugnadsarbeid for over 344 000 kr, og me har handla varer og tenester for 680 000 kr.
No kan ein gå tørrskodd gjennom heile den 4,2 km lange løypa, samt på den nye avstikkaren ut til utsiktspunktet på Steinåsen. Dei 180 høgdemetrane ein må gjennom i denne fredelige skogsløypa, gir god pust og puls, og er viktige for treningsfaktoren ein får med ein tur.
Me vil takka Tysnes Kraftlag som har støtta oss med 500 000kr i dette prosjektet. Saman med SIM-Miljøfond og SMIL-midlar, har me fått dekka innkjøpa våre på 680000kr.
Og ikkje minst ei stor takk til alle frivillige som har brukt av fritida si og gitt oss evne til å gjennomføra prosjektet. Det er notert totalt 856 dugnadstimer i prosjektet. Dette er eit stort løft for folkehelse og bulyst. Og Malkenesrunden er ein svært god møteplass!
Takk for alle bidrag.
Mvh Prosjektgruppa og Lunde Bygdalag!
Her er diverse bilder frå prosjektet.







