Lars Leknes Auran - Enøk Støtte Hovland
Lars Leknes Auran • July 9, 2024

Viser til tidligere innvilgede søknad. Då dette er ein refusjons søknad, så er alle tiltak allerede gjennomført.
Overgang til LED, byte av punktert rute, varmepumpe og nye VV beredere.
Då alle fakturaer foruten den frå Holeglass er betalt frå byggelån, har eg ikkje tilgang til de utførte betalingene fra nettbank lenger.
Gjer oppmerksom på at dokumentasjon fra Skarvatun VVS A/S, er bereknet av han ifbm denne søknaden og er basert på total fakturaen han sendte.
Fakturaer fra TIKO som er vedlagt, er to av fleire fakturaer fra de.
Kvittering for faktura holeglass ligger vedlagt.
Ta kontakt dersom dereønsker ytterligere dokumentasjon, da eg kan be Tysnes Spb om dette.

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!