Me har fjerna gammelt eternittak, lagt på sutak av 18mm rupanel, lagt papp og rekter. Dette arbeidet har me gjort sjølve som eigeninnsats. Andersland Bygg AS har lagt lekter, skifer, nye kister og beslag. I tillegg har me forsterka dei gamle takbjelkane. Dette fordi det bl.a. var ca. 1 meter mellom dei. Dette er tilleggsarbeid som ikkje var opprinneleg prisa inn. Det vart også eit meirarbeid med å få det tett mellom det nye taket og taket på siloen som står i tilknytning til taket me har skifta. Me har sjølv malt kistene.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes