Kulturkontoret AS - First Lego League 2024

Øystein Vaage • December 13, 2024

Vi vil rette ein stor takk til Tysnes Kraftlag for støtta de gjev til First Lego League Sunnhordland. Dykkar bidrag har vore heilt avgjerande for at vi kunne gjennomføre årets regionale finale, som fann stad 9. november 2024. Årets konkurranse samla heile 281 elevar i alderen 10 til 16 år, fordelt på 20 lag frå 7 kommunar i Sunnhordland og Bjørnafjorden. Gjennom kreativ problemløysing, teknologi og samarbeid fekk elevane ei unik moglegheit til å utforske programmering og ingeniørkunst. Konkurransen har ikkje berre inspirert deltakarane til å tenkje innovativt, men har òg styrkt samarbeidet på tvers av kommunane i regionen vår. I tillegg hadde vi eit stort apparat av vaksne som stilte opp for å sikre at dagen blei ein suksess. 21 dommarar frå heile regionen bidrog til å evaluere og inspirere laga. 33 frivilligestilte opp i ulike roller – som kioskmedarbeidarar, bak lyd og lys, som teknisk støtte, trafikkdirigentar og vertskap, og rundt 20 familiar leverte bakst til kiosken. Desse innsatsane viser det sterke fellesskapet som finst rundt dette arrangementet. 

Gjennom First Lego League skaper vi eit verdifullt læringsmiljø for barn og ungdom, der dei får utvikle både teknologiske og sosiale ferdigheiter. Dette gir ringverknader som strekkjer seg langt utover konkurransen, og gjer regionen vår attraktiv for framtidas teknologar og innovatørar. 

Vi er utruleg takksame for støtta frå Tysnes Kraftlag, som har gjort det mogleg å inspirere så mange unge menneske. Vi håper de ser verdien av det vi har oppnådd saman og vil halde fram med å støtte dette viktige initiativet i framtida. Med vennleg helsing, Sabine Graeff *stolt* prosjektleiar First Lego League Sunnhordland 

By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
Les meir