Innandørs skytebane på Tysnes skule

Ronny Gundersen Holme • May 26, 2021
Bildet viser ferdig bane, med standplass og elektroniske skiver, ny ventilasjon, bakvegg med hev/senk av skiver. Det er også laga nytt lys i taket samt nytt brannvarslingsanlegg. 
Arbeidet med den innandørs skytebanen på Tysnes skule vart starta opp hausten 2017 som eit samarbeid mellom Tysnes Skyttarlag og Tysnes Jakt og Fiske. Utgangspunkt for banen var det gamle bomberommet på skulen, som på dette tidspunkt var nytta som lager. Lokalet var prega av forfall og lite vedlikehald. Prosjektering og mykje av det innleiande arbeidet vart utført av Heine Nes i skyttarlaget. I fyrste omgang bestod arbeidet i utrydding og tilrettelegging av tak, gulv og vegger. Det vart i tillegg laga eit nytt inngangsparti, slik at ein kan kome inn på skytebanen utan å gå via skulen sine ordinære lokaler. Deretter var utfordringa å byggje nytt ventilasjonsanlegg som dekkjer krava til innandørs skytebane. I tillegg vart det installert nytt brannvarslingsanlegg. Det vart også bygd standplass samt bakvegg/kulefanger og hev/senk opplegg for skivene. 
I tillegg til sjølve banen er det også tilrettelagt med ein garderobe samt opphaldsrom med sittegruppe der skyttarar kan opphalde seg under pauser eller når dei venter på ledig skive. Som eit tryggleikstiltak ligg garderobe og opphaldsrom mellom standplass/bane og ytterdøra. 
Banen har fått godkjenning av Politi. 

Samla har arbeidet med banen vore omfattande med utfordringar av ulike slag. Men med mykje god innsatsvilje og evne til å trekke på ulik kompetanse er me no kome i mål med prosjektet. 

Banen har vore i bruk med terminfesta trening for ungdom hausten 2019 og i starten av 2020. Men då Korona-pandemien slo til vart aktiviteten stilt i ro. Planen var då ein formell opning i januar 2021, men også dette er blitt utsatt. I avtalen med Tysnes skule kan innandørsbanen disponerast i perioden september til og med april, slik at det ikkje er realistisk med aktivitet igjen før til hausten 2021. Me håper difor at me på ny kan planlegge ei formell opning av banen då. 

Me vil til sist takka Tysnes Kraftlag AS for støtte til bygging av banen. Me kan vel slå fast at prosjektet ikkje hadde latt seg realisera utan dette bidraget ! 
Her ser me opphaldsrommet slik det no ser ut.
Bildet viser bomberommet slik det stod fram før oppstart av prosjektet. 
Bilde av det gamle ventilasjonsanlegget. 
By Susanna Heggland August 13, 2025
Bilete frå kursopplegg
By Nils Tornes August 12, 2025
Bingo, Basar, Konsert, Kurs, dugnad, historie-kveld og andre sosiale og kulturelle aktiviteter. Vedlikehold av badestrand. I 2025 også organisering og dugnad på bygging og utbedring av turstier tilpasset Turistforeningens standard.
By Yngve Nikolaisen August 12, 2025
High school musical vart gjennomført med fleire framsyningar i Grendatun. Kostnadane vart mykje høgare enn slik det står i søknaden.
By Beate Kildal Rønning August 12, 2025
Framsyninga er basert på manuskriptet som vart laga av Johanne Øvstebø Tvedten i samband med 100-årsjubileet til Johannes Heggland i 2019. Regissør Frøydis Flotve hadde omarbeidd stykket noko, slik at det denne gongen var fleire born med, og det var lagt inn meir musikk. Musikalsk leiar var som før Yngve Nikolaisen. Han hadde ansvaret for Gildekoret, som består av åtte kvinner og åtte menn, eit blåseorkester på fem personar, samt to musikantar på trommer. Husorkesteret vårt var som tidlegare år familien Hodneland. Stykket er eit stort løft for teaterlaget, både økonomisk og organisatorisk. 11 born og 16 vaksne skodespelarar stod på scena. Dei var i alderen frå 7 til 72 år. I tillegg deltok brassband med 7 medlemmar, husorkester på 4 personar, Gildekoret på 16 personar, dirigent/musikalsk leiar, regissør, prosjektleiar, 10 personar på kostyme og sminke, 2 på billettsal og kontroll, samt fleire som tok del i rigging/nedrigging i og rundt kyrkja. Dette er personar som kjem frå heile øyo, noko som Tysnes Teaterlag synest er stor stas. Lyd og lys-tenester var levert av Fusa Lyd & Lys. Totalt var dermed fleire enn 80 personar involvert i Spelet om Olavsgildet 2025. Som det går fram av vedlagte timelister, er det ikkje få timar dei frivillige har lagt ned av dugnad for oss. Me er utruleg takksame for dei, og for at Tysnes Kraftlag anerkjenner verdien av dette frivillige arbeidet. Øvingane til stykket tok til i byrjinga av februar, med ei øving i veka på Tysnes skule. Fyrste øving i Onarheimskyrkja var rett før påske. Dei siste to vekene før framsyninga var det intensiv øving fleire gongar i veka, og heile helgene. Nytt i år var at me sette opp eit tilbod om busstransport til fyrste førestilling laurdag. Det vart dessverre ikkje noko oppslutning om dette tilbodet, så me såg oss nøydde til å avlyse bussen to veker før førestillinga. Me kom difor kostnadsfritt frå kanselleringa. Elles er det kjekt å konstatere at me har kome under budsjett på dei fleste av kostnadspostane. Me hadde i alt 378 tilskodarar til dei tre framsyningane, og det er me godt nøgde med. Alle me som var med, er strålande nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum viser at dette vart nok ein stor suksess. Tysnes Teaterlag er svært takksame for støtta som me får frå dykk. Me hadde ikkje vore i stand til å gjennomføre dette prosjektet utan stønaden frå dykk. Me er svært takksame for at de ser verdien av at dette kulturhistoriske spelet vart sett opp på nytt. Tysnes Teaterlag ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne Tysnesingar, både som aktørar, hjelparar og tilskodarar. Dersom de skulle trenge ytterlegare informasjon, er det berre å ta kontakt med underteikna. Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag og Spelet om Olavsgildet. Med venleg helsing Tysnes Teaterlag Kjetil Totland
By Knut Hollekim June 25, 2025
Hausten 24 klipte me rododendroane. I vår har me grave bort torv og fjerna lauv. Har vaska området med høgtrykkspyler. Tysnes og Sh. gravferdsb. har vaska bautasteinen og malt opp att teksten på steinen.
By Anfinn Kleppe June 19, 2025
Takker først for innvilga søknad. Tiltaket har teke noko tid grunna kapasitet frå montør blant anna. Me har sjølve gjort ein eigeninnsats på tiltaket. Det er montert inn varmepumpe Toshiba SDI 801 som er tilsvarande spesifikasjonar som Aritech tok med i sin evaluering. Når det gjeld belysning så er det montert 23 stk T-Line armatur som da er for belysning i lokalet, i tillegg kjem 21 stk Spottar Lobus som er i bruk for å belyse enkeltpunkt i butikk. Dette tiltak skal ut fra evaluering gje gode resultat ang. strømforbruk, men det me og ser er at lokaler er blitt mykje meir innbydande. Me får visst fram vareutval på ein mykje betre måte. Me vil igjen takka for den økonomiske stønaden slik at me kunne utføre dette prosjektet i sin heilhet. Mvh Anfinn Kleppe Styreleiar Annes Klær AS
By Øystein Flakke June 18, 2025
Malkenesrunden prosjektet med oppstart i januar 2022, er no stort sett ferdig, og det gjenstår grovt sett å kjøre ut litt meir opprettingsmasse, og strø ut litt meir grus enkelte stader. Me er på 3. året i prosjektet og det er utført dugnadsarbeid for over 344 000 kr, og me har handla varer og tenester for 680 000 kr. No kan ein gå tørrskodd gjennom heile den 4,2 km lange løypa, samt på den nye avstikkaren ut til utsiktspunktet på Steinåsen. Dei 180 høgdemetrane ein må gjennom i denne fredelige skogsløypa, gir god pust og puls, og er viktige for treningsfaktoren ein får med ein tur. Me vil takka Tysnes Kraftlag som har støtta oss med 500 000kr i dette prosjektet. Saman med SIM-Miljøfond og SMIL-midlar, har me fått dekka innkjøpa våre på 680000kr. Og ikkje minst ei stor takk til alle frivillige som har brukt av fritida si og gitt oss evne til å gjennomføra prosjektet. Det er notert totalt 856 dugnadstimer i prosjektet. Dette er eit stort løft for folkehelse og bulyst. Og Malkenesrunden er ein svært god møteplass! Takk for alle bidrag. Mvh Prosjektgruppa og Lunde Bygdalag! Her er diverse bilder frå prosjektet.
By Knut Jarle Kleppe June 16, 2025
Då den nærmeste offentlige hjertestarteren finnes i Uggdal sentrum så har Kongsvik grendalag kjøpt inn og fått montert opp hjertestarter på utvendig mur i Kongsvik grendahus. Hjertestarteren er registrert inn hos Hjertestarterregisteret 113.no Takker for støtten fra Tysnes Kraftlag.
By Merete Fjelltveit Flakke June 4, 2025
Prosjektet ved Tysnessåto blei formelt avslutta 24. april 2025, etter ferdigstilling av området rundt namnesteinen ved startpunktet for stien i Myrdal. Arbeidet som blei utført i 2024–2025 omfatta mellom anna: • Ferdigstilling av trinn på toppen av Gråuro • Utløgging av steinheller/klopper i blaute parti før «Såte-brekkene» • Drenering og grusing i nedre del av stien • Opparbeiding og tilrettelegging av inngangspartiet • Opprydding ved helikopterlandingsplassen etter anleggsarbeidet.  Vi takker for verdifull støtte som har gjort det mogleg å fullføre prosjektet til stor glede for turgåarar i Tysnesfjella.
By Betsy H. Nikolaisen June 4, 2025
Støtte til gjennomføring av show 20. og 21. februar 2025 braka det atter ein gong laus med forrykande 10.klasseshow i Vonheim. Den årlege tradisjonen som tiendeklassingar på Tysnes står for klarte å fylle huset to kveldar på rad. Showet er laga av ungdomane sjølv- både idear, manus, kulisser og gjennomføring- med trygg og god vegleiing frå musikklærar på Tysnes skule Elin Bergesen. Dei skuffa ikkje! Elevane haldt trykket oppe gjennom heile kvelden, både torsdag og fredag, med song, dans, sketsjar, nyheiter, dating, Mesternes mester, moteshow og mange overraskingar. For å gjennomføra eit såpass stort arrangement må dei føresette til elevane bidra med mykje dugnadsarbeid og dei føresette har ansvar for alt det praktiske og økonomiske. Det er eit stort arbeid, men verkeleg verdt det. På 10.klasseshow får alle lov å prøve seg. Ungdomane får vera kreative, øve på samarbeid og planlegge gjennomføring av eit stort arrangement. Arbeidet dei legg ned skaper samhald og eit godt klassemiljø. Både lærerikt og kjempegøy! Bladet Tysnes hadde ei flott sak om showet ein kan lesa her https://www.tysnesbladet.no/oypuls/fullt-hus-og-god-stemning-pa-tiandeklasseshow/244403 Me er utruleg takksame for at me har med oss viktige støttespelarar som Tysnes Kraftlag, som igjen viser at dei verdset og trur på Tysnes-ungdomen. Tusen takk for støtta!
Les meir