Hjertefred Tysnes - Lyd og lys, bamser til fri minste
Jannike Alvær Lie • November 20, 2024

Me hadde rundt 200 stk som kom på årets Hjertefred. Hjertefred er èin times konsert der me kjem i lag for å minnast dei me har mista og for å stå saman i sorga. Sorg kan vera så mangt og det kan me føla ved at livet ikke blei som èin tenkte. Eit ekteskap som ikkje er meir eller eit kjæledyr som èin har mista. Arrangementet viser at èin står ikkje aleine i det. Me er mange som har opplevd ei sorg på èin eller Anna måte.



Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!