Heggland psykologtjenester - TRYGG MAMMA digitale og fysiske kurs

Susanna Heggland • August 13, 2025

Bilete frå kursopplegg

Fyrst av alt vil eg takka for støtta og trua på meg og mitt prosjekt. Næringsfondet har gjort at eg har fått etablert ei ny verksemd, utvikla eit tilbod for gravide/kvinner i barsel og jobba med mange modige kvinner det siste året. Eg vil takka for mogelegheita!


Etablering av ei ny verksemd og utvikling av rettleiingsprogrammet Modertreet.

Eg har tileigna meg mykje kunnskap i løpet av prosjektperioden og deltatt på fleire digitale kurs, fysiske minikurs/foredrag i Bergen og omheng, samt RBUP sin vidareutdanning i perinatal mental helse i Oslo. I starten av prosjektet nytta eg god tid på å innhente

tilbakemeldingar frå fagpersonar gjennom nettverket eg danna meg i Oslo samt gjennom mødre som har vært med i prosjektet om konseptet. Eg fekk nyttige innspel om alt frå val av tittel og til korleis gå fram. Prosjektet har difor endra seg noko undervegs i perioden.


Mitt mål om å lage program for tre ulike målgrupper vart endra til tre ulike program for same målgruppe og heller tenke kvalitet framfor kvantitet. Eg har i prosjektperioden utvikla TRYGG MAMMA som eit digitalt og fysisk gruppeprogram for gravide og kvinner i barsel. Eg har også utvikla eit minikurs «fødsel og barselforberedande kurs» i samarbeid med den tverrfaglege klinikken Bergen Kvinnehelse.


TRYGG MAMMA integrerer kunnskap og forsking på perinatal helse med eigenerfaringar frå ulike mødre. I prosessen har eg hatt fleire dybde intervju med kvinner med ulik erfaring knytt til svangerskap og barseltid. Intervjua er filma og nytta i kursmateriellet. I tillegg har eg

filma intervju med to jordmødrer og ei mamma med eit spedbarn som har illustrert ulike sentrale tema i kurset. Eg nyttar Modellen modertreet i undervisninga. Der røtene representerer alt ein tar med seg inn i svangerskapet, stammen representerer det

psykologiske svangerskapet og blada representerer konkrete meistringsstrategiar i møte

med utfordringar.


Det fysiske og digitale TRYGG MAMMA kurset er bygd opp med 5 modular. Eg har nytta kursplattforma Kajabi for å laste alle deler opp slik at klientar kan delta på kurset frå mobil, nettlesar og app. Eg har nytta kartlegging med Edinburgh postnatal depresjonsskår (EPDS)

før og etter deltaking på TRYGG MAMMA for å vurdere effekt, samt eige evalueringsskjema av kvar enkelt modul. På minikurset har eg berre nytta digitalt evalueringsskjema for vurdering og vidareutvikling.


Mål

Som resultatmål hadde eg å lage tre ulike rettleiingsprogram som rekk innbyggarar og kommunar i regionen innan utgangen av 2025. Eg har endra resultatmålet til å lage eit kurs for gravide og kvinner i barsel, men i tre ulike formar (fysisk, digitalt og minikurs).

Mitt mål om å utvikle rettleiingsprogram digitalt slik at dei har ein kapasitet som kan dekkje alle kommunar i Sunnhordaland regionen innan de neste to åra er framleis gjeldande. Eg har oppnådd mitt effektmål om å auka deltakarane sine evner til å hjelpa seg sjølv og

identifisere personar i risiko for å utvikle alvorleg psykisk liding. Har brukt kartlegging før og etter kurs for å måle effekt.


Næringsfondet har gjort at eg har fått etablert ei ny verksemd, utvikla eit tilbod for gravide/kvinner i barsel og jobba med mange modige kvinner det siste året. No har bedrifta og prosjektet komen opp på beina. Eg har gjennomført eit pilotprosjekt og fått testa ut tilbodet både fysisk og digitalt- samt i miniformat, med gode tilbakemeldingar. Eg har store tankar om vegen vidare.


Eg vil takka for at de har satsa på førebygging og psykisk helse!

Takk for støtta :)

By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
Les meir