Hålandsneset Grendahus er flittig brukt til sosiale tilstellingar og private markeringar for bygdefolket. Vi ser at huset må stadig oppgraderast for at det skal framstå som eit attraktivt samlingspunkt. Dei siste oppgraderingane med byte av vindauge vil gjere bygget lunare og vi vil halde oppvarmingsutgiftene nede. Oppgåva vart løyst på framifrå måte av Andersland Bygg i veke 11. Måling utvendig vert gjort på dugnad seinare på sommaren sidan det er nytta trykkimpregnerte materialar. Måling innvendig vert gjort på dugnad i løpet av sommaren.
Hålandsneset Grendalag takkar varmt for støtta.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes