Haaheim Gaard - Utvikle kommunikasjonsstrategi på bærekraft

Torstein Hatlevik • May 12, 2023

Tiltaket blei gjennomført ved årskiftet og i starten av året slik vi avtalte med dere. Haaheim var i finalen på den regionale bærekraftsprisen og me hadde stort behov for å etablere ein strategi for kommunikasjonsplattformen vår på bærekraft. 
 

Det er veldig spennande arbeid og me ser fleire bedrifter bruker vår kommunikasjonsplattform for inspirasjon. mellom anna Sparebanken Vest bruker no Haaheim som inspirasjon når dei skal utvikle sine grønne lån for reiseliv. 
 

Mette Fagerli leia prosessen og personalet på Haaheim hadde workshop for å strategi som ein kjenner seg att i og at dei annsatte kan ta eigarskap til den. det har vært ei spennande reise og det inspirerer til videre arbeid med bærekraft. Ein ser at det blir ein større og viktigare ting av det ei bedrift må jobbe med og det er viktig for å skape videre vekst. Prosjektet vart gjennomført slik beskrevet i søknaden. 
 

Resultatet av arbeidet er beskrevet i bærekraftkommunikasjonen på nettsida vår ( sjå link under);
https://www.haaheimgaard.no/selskap/b%C3%A6rekraft 
 
Me kjørt ein dag med ledergruppa 19. desember, ein dag med heil personalet 11. januar, forankra i innsikt frå desse workshopene laga vi bærekraftsdokumentet som er linken til over her. 


Det har vært viktig for bedriften at alt bærekraftsarbeid er tydelig forankra i organisasjonen. 


Me trur at dette arbeidet er svært naudsynt for å halde oss aktuelle og konkuransedyktige i framtida.
 
 

By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
Les meir