Bladet Tysnes AS - Distribusjon sommaravisa
Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår.
Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen har fått mange positive tilbakemeldingar. Normalt opplag for sommaravisa har vore på vel 25.000 aviser som er blitt sendt ut til alle i Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, gamle Fusa og deler av Kvam og Kvinnherad.
Med Tysnesfest i spissen har lokalt næringsliv dei to siste åra hatt ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til tidlegare Os kommune og søndre delar av Bergen. For å få dette til vart det gjennom næringsrådet teke initiativ til å søkja Tysnes Kraftlag om midlar for å vera med å dekka inn auka trykke- og distribusjonskostnadar. Ei løyving frå Tysnes Kraftlag på kr. 64.000 i støtte til utvida distribusjon, var eit viktig bidrag til at sommaravisa 2024 med sine 88 sider, kunne trykkast og sendast ut til nærare 50.000 husstandar.



