Båtlaget Njord/Tysnes - Påhengsmotor til følgje-/sikringsbåt
Einar Aslaksen • September 26, 2023

Me er takksame for at styret i Tysnes Kraftlag har stetta tiltaket med 50 % av dokumenterte utgifter. Med ny motor på plastbåt/ribb vil me få driftssikker sikrings/følgjebåt til våre aktivitetar på sjøen.

Framsyninga er basert på manuskriptet som vart laga av Johanne Øvstebø Tvedten i samband med 100-årsjubileet til Johannes Heggland i 2019. Regissør Frøydis Flotve hadde omarbeidd stykket noko, slik at det denne gongen var fleire born med, og det var lagt inn meir musikk. Musikalsk leiar var som før Yngve Nikolaisen. Han hadde ansvaret for Gildekoret, som består av åtte kvinner og åtte menn, eit blåseorkester på fem personar, samt to musikantar på trommer. Husorkesteret vårt var som tidlegare år familien Hodneland. Stykket er eit stort løft for teaterlaget, både økonomisk og organisatorisk. 11 born og 16 vaksne skodespelarar stod på scena. Dei var i alderen frå 7 til 72 år. I tillegg deltok brassband med 7 medlemmar, husorkester på 4 personar, Gildekoret på 16 personar, dirigent/musikalsk leiar, regissør, prosjektleiar, 10 personar på kostyme og sminke, 2 på billettsal og kontroll, samt fleire som tok del i rigging/nedrigging i og rundt kyrkja. Dette er personar som kjem frå heile øyo, noko som Tysnes Teaterlag synest er stor stas. Lyd og lys-tenester var levert av Fusa Lyd & Lys. Totalt var dermed fleire enn 80 personar involvert i Spelet om Olavsgildet 2025. Som det går fram av vedlagte timelister, er det ikkje få timar dei frivillige har lagt ned av dugnad for oss. Me er utruleg takksame for dei, og for at Tysnes Kraftlag anerkjenner verdien av dette frivillige arbeidet. Øvingane til stykket tok til i byrjinga av februar, med ei øving i veka på Tysnes skule. Fyrste øving i Onarheimskyrkja var rett før påske. Dei siste to vekene før framsyninga var det intensiv øving fleire gongar i veka, og heile helgene. Nytt i år var at me sette opp eit tilbod om busstransport til fyrste førestilling laurdag. Det vart dessverre ikkje noko oppslutning om dette tilbodet, så me såg oss nøydde til å avlyse bussen to veker før førestillinga. Me kom difor kostnadsfritt frå kanselleringa. Elles er det kjekt å konstatere at me har kome under budsjett på dei fleste av kostnadspostane. Me hadde i alt 378 tilskodarar til dei tre framsyningane, og det er me godt nøgde med. Alle me som var med, er strålande nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum viser at dette vart nok ein stor suksess. Tysnes Teaterlag er svært takksame for støtta som me får frå dykk. Me hadde ikkje vore i stand til å gjennomføre dette prosjektet utan stønaden frå dykk. Me er svært takksame for at de ser verdien av at dette kulturhistoriske spelet vart sett opp på nytt. Tysnes Teaterlag ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne Tysnesingar, både som aktørar, hjelparar og tilskodarar. Dersom de skulle trenge ytterlegare informasjon, er det berre å ta kontakt med underteikna. Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag og Spelet om Olavsgildet. Med venleg helsing Tysnes Teaterlag Kjetil Totland

Takker først for innvilga søknad. Tiltaket har teke noko tid grunna kapasitet frå montør blant anna. Me har sjølve gjort ein eigeninnsats på tiltaket. Det er montert inn varmepumpe Toshiba SDI 801 som er tilsvarande spesifikasjonar som Aritech tok med i sin evaluering. Når det gjeld belysning så er det montert 23 stk T-Line armatur som da er for belysning i lokalet, i tillegg kjem 21 stk Spottar Lobus som er i bruk for å belyse enkeltpunkt i butikk. Dette tiltak skal ut fra evaluering gje gode resultat ang. strømforbruk, men det me og ser er at lokaler er blitt mykje meir innbydande. Me får visst fram vareutval på ein mykje betre måte. Me vil igjen takka for den økonomiske stønaden slik at me kunne utføre dette prosjektet i sin heilhet. Mvh Anfinn Kleppe Styreleiar Annes Klær AS

Malkenesrunden prosjektet med oppstart i januar 2022, er no stort sett ferdig, og det gjenstår grovt sett å kjøre ut litt meir opprettingsmasse, og strø ut litt meir grus enkelte stader. Me er på 3. året i prosjektet og det er utført dugnadsarbeid for over 344 000 kr, og me har handla varer og tenester for 680 000 kr. No kan ein gå tørrskodd gjennom heile den 4,2 km lange løypa, samt på den nye avstikkaren ut til utsiktspunktet på Steinåsen. Dei 180 høgdemetrane ein må gjennom i denne fredelige skogsløypa, gir god pust og puls, og er viktige for treningsfaktoren ein får med ein tur. Me vil takka Tysnes Kraftlag som har støtta oss med 500 000kr i dette prosjektet. Saman med SIM-Miljøfond og SMIL-midlar, har me fått dekka innkjøpa våre på 680000kr. Og ikkje minst ei stor takk til alle frivillige som har brukt av fritida si og gitt oss evne til å gjennomføra prosjektet. Det er notert totalt 856 dugnadstimer i prosjektet. Dette er eit stort løft for folkehelse og bulyst. Og Malkenesrunden er ein svært god møteplass! Takk for alle bidrag. Mvh Prosjektgruppa og Lunde Bygdalag! Her er diverse bilder frå prosjektet.

Prosjektet ved Tysnessåto blei formelt avslutta 24. april 2025, etter ferdigstilling av området rundt namnesteinen ved startpunktet for stien i Myrdal. Arbeidet som blei utført i 2024–2025 omfatta mellom anna: • Ferdigstilling av trinn på toppen av Gråuro • Utløgging av steinheller/klopper i blaute parti før «Såte-brekkene» • Drenering og grusing i nedre del av stien • Opparbeiding og tilrettelegging av inngangspartiet • Opprydding ved helikopterlandingsplassen etter anleggsarbeidet. Vi takker for verdifull støtte som har gjort det mogleg å fullføre prosjektet til stor glede for turgåarar i Tysnesfjella.

Støtte til gjennomføring av show 20. og 21. februar 2025 braka det atter ein gong laus med forrykande 10.klasseshow i Vonheim. Den årlege tradisjonen som tiendeklassingar på Tysnes står for klarte å fylle huset to kveldar på rad. Showet er laga av ungdomane sjølv- både idear, manus, kulisser og gjennomføring- med trygg og god vegleiing frå musikklærar på Tysnes skule Elin Bergesen. Dei skuffa ikkje! Elevane haldt trykket oppe gjennom heile kvelden, både torsdag og fredag, med song, dans, sketsjar, nyheiter, dating, Mesternes mester, moteshow og mange overraskingar. For å gjennomføra eit såpass stort arrangement må dei føresette til elevane bidra med mykje dugnadsarbeid og dei føresette har ansvar for alt det praktiske og økonomiske. Det er eit stort arbeid, men verkeleg verdt det. På 10.klasseshow får alle lov å prøve seg. Ungdomane får vera kreative, øve på samarbeid og planlegge gjennomføring av eit stort arrangement. Arbeidet dei legg ned skaper samhald og eit godt klassemiljø. Både lærerikt og kjempegøy! Bladet Tysnes hadde ei flott sak om showet ein kan lesa her https://www.tysnesbladet.no/oypuls/fullt-hus-og-god-stemning-pa-tiandeklasseshow/244403 Me er utruleg takksame for at me har med oss viktige støttespelarar som Tysnes Kraftlag, som igjen viser at dei verdset og trur på Tysnes-ungdomen. Tusen takk for støtta!