Båtlaget Njord/Tysnes - Kjøp og oppgraderingar

Båtlaget har kjøpt 2 dugande brukte oselvarar, «Olaien» (bygd i 2022) og «Stolmaren»(bygd i 2003). Det er tung symbolikk i at Harald Dalland (vår eigen båtbyggjar) har bygd begge båtane. Framforhandla/pruta prisar er kr. 65.000 for kjøp av kvar båt. Lars Grøteide og Jan Vee i samråd med Bernhard Gjerstad og Svein Økland har gjort eit framifrå arbeid med framskaffing av desse to brukte båtane i marknaden. Båtane vert seilteknisk vurdert å ha særs gode eigenskapar.
For å få båtane oppgradert til topp stand er:
- Nye seil kjøpt inn til begge båtane
- Det er laga nye spilebommar utført av Bernhard Gjerstad
- Det er laga nytt ror til Olaien utført av Berhard Gjerstad inkl. kjøp av materiell til ror og beslag og spilebommar
- Hatt klargjeringskostnader : klargjering og vask av båtane, pussing, vask, støvsuging og lakking, kjøping av utstyr: blokker, cleat, tauverk, sjakler, popnagler, tikkeblokker, strekkfisker, blokker for storseilskjøte og bomnedhal, borrer og skjerfilblad for beslagarbeid, skruer, laging av 4 båtkrakkar, spilebombeslag på mast, beslag til ristopper, rigging, tilpassing og montering av utstyr, påsetjing av seilnummer, laging av spriløkker, sikre rorpinne og montering av skinner for fokkeskjøte
- Det er utført 179 timar dugnad der følgjande medlemer/personar har delteke: Anders Bakke, Arild Gjerstad, Berhard Gjerstad, Bjarte Sandtorv, Erlend Hatteberg, Gunnar Spjeld, Jan Vee, John Martin Lunde, Svein Økland, Tor Inge Malkenes og Øyvind Epland
Båtane vert tekne i bruk ved Grunnkurs i oselvarsigling, 06. – 08. juni og første regatta for båtane vert Sommarregattaen i regi av båtlaget 10. – 11. juni.
Båtlaget Njord/Tysnes er særs takksame for at Tysnes Kraftlag A/S har gjeve stønad med 50 % av kostnadene til kjøp, oppgraderingar og dugnadstimar.


