Barn og ungdom – aktivitet i Våge Gjestehamn
Patrick Madsen • October 4, 2021
Sluttrapport

Etter 8 månader med arbeid er prosjeket, «Barn og ungdom, aktivitet i Våge Gjestehamn» ferdig.
Me har vore ein fin gjeng på totalt 18 stk som har vore innom på dugnad. Det var ein del uforsette ting på vegen med tanke på graving, straumkabler, ol. Men det meste gjekk greit etter planen. Prosjeket er så godt som ferdig no, men badehuset må venta til hausten før det kjem på plass.
Leikeplassen er heilt ferdig og er i daglig bruk, den har fort blitt veldig populær blant barna. Den er stort sett full i helgene og godt i bruk kvar ettermiddag. Det er og veldig kjekt å sjå at barnehagene nyttar den på dagtid.
Badeområde
Badebrygga er ferdig og landgong blir satt ut i veke 26. Benker i hamna er satt ut, produsert av TIAS. Området er blitt veldig bra og gjer rom til familier, barn og ungdom til å nyta hamna på ein god måte for leik og avslapping.
Konklusjon
Me er veldig glad for at me fekk dette prosjektet fullført, ein stor del av det er takket vera støtta frå Tysnes Kraftlag. I tillegg til dei har me fått god støtta frå lokale bedrifter og private, samt Sim Miljøfond og Sparebanken Vest sitt ildsjelfond.
Andre givere:
Tysnes Kraftlag
Sparebanken Vest
Tysnes Sparebank
Våge Sentrum
Spar Tysnes
Galleri Elisabeth
Våge Hamn AS
Tysnes Bolig AS
Mandelhuset Eigedom AS
Mandelhuset AS
Kaien Utvikling AS
Accountor
Tiko
Vågsmarka velforening
Dugnad
Våge Senter
Trond Helland
Patrick og Kristi
Sim Miljøfond

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!