Atheno - Kartlegging av behov for kompetanseheving

Reidun Rykkje • December 16, 2022

BAKGRUNN

Atheno gjennomførte i januar/februar 2022 eit strategiarbeid der ein i forkant etterspurde innspel frå kommunar og bedrifter i regionen om kva ein tenkjer er viktig framover. Eit av dei områda Atheno vart utfordra på var å arbeide meir med å auka kompetansen i regionen dei neste åra. Atheno veit at dette er ei utfordring som ikkje er særskilt for vår region, men at me nasjonalt må arbeide på ulike nivå når det kjem til å møta behov knytt til kompetanseutvikling. På same tid er det ikkje slik at Atheno kan gå ut og tilby kurs før ein har meir konkret kunnskap knytt til kva behova er, og om det er reell vilje til å investere tid og midlar. Grunnen til at Atheno valte ut Tysnes i første omgang var at det i strategiprosessen i Tysnes Kraftlag i 2019 kom innspel om at nokre av midlane i fondet burde gå til kompetanseheving for næringslivet/tilsette. På bakgrunn av dette søkte Atheno midlar hos Tysnes Kraftlag til ei kartlegging blant bedriftene i Tysnes, med mål om å få til eit kompetanseprogram for bedriftene i Tysnes.


ARBEIDET

Atheno utarbeidde eit digitalt spørjeskjema gjennom Microsoft forms, der ein har prøvd å få ein god oversikt over behovet blant bedriftene i Tysnes. Spørjeskjemaet vart sendt ut til store, mellomstore og små bedrifter. På bakgrunn av den vanskelege situasjonen mange bedrifter er kome i på grunn av høge straumutgifter, valte Atheno også å ta med nokre spørsmål retta mot straumkrisa. Dette på bakgrunn av at ein ønskte å få ein oversikt over kor mange som har store utfordringar på grunn av auka straumkostnadar og for å lettare kunne iverksetje tiltak for å avhjelpe situasjonen. Det er skrive ei eiga sak til styret i kraftlaget rundt dette som vart overlevert styreleiar 10 november. Ein vel difor i denne sluttrapporten å kun fokusere på kompetansekartlegginga.


KOMPETANSEKARTLEGGINGA

Svar på kartlegginga ligg vedlagt sluttrapporten. 41 bedrifter har svara på undersøkinga, noko Atheno meiner er eit godt grunnlag for å vurdere behovet for å få på plass eit kompetansefond for bedriftene i Tysnes. Det er flest små bedrifter som har svara på undersøkinga. Heile 35 av 41 respondentar har 1-5 tilsette. Ca halvparten av bedriftene seier at dei har sett av midlar til kompetansehevande tiltak i budsjett. Det er og tydeleg at størstedelen av bedriftene gjennomfører kompetansehevande tiltak innad i eigen bedrift (30 av 41 svara her i stor grad eller i noko grad). Når det gjeld kor mykje tid bedrifta vil sette av for å auke kompetansen er det flest som ønskjer dagskurs og/eller kveldskurs og 3-4 dagars kurs. Kun 2 bedrifter ønskjer samlingbaserte kurs på 8-10 dagar. Atheno AS, Vabakken 6, 5411 Stord E-post: post@atheno.no www.atheno.no Det er god spreiing i kva kompetanse/kursbehov bedriftene har, men dei kursa som bedriftene har peikt mest på er:  Marknadsføringskurs (sosiale medier)  Berekraft og berekraftig vekst  Økonomi  Sal  Helse, miljø og sikkerheit I undersøkinga kjem det fram at dei fleste (37 av 41) av bedriftene har rett utdanning/fagbrev på dei tilsette, noko som er svært bra


VURDERING OG TILRÅDING

Atheno har erfaring frå tidlegare år der ein har igangsett kompetanseprogram etter innspel frå næringslivet, og så viser det seg at når alt kjem til alt klarar ikkje bedriftene å prioritere det. Enten av økonomisk grunn eller av ressurs/tidsmangel.


I undersøkinga spurte Atheno difor blant anna om kor mykje tid ein ser føre seg å sette av til kompetansehevande tiltak og om det var avgjerande med økonomisk støtte for å delta. Dei fleste av bedriftene vil sette av tid til dags/kveldskurs og få av bedriftene vil bruke mange dagar. Bedriftene er likevel tydelege i svara på at dei har behov for økonomisk støtte for å kunne delta. Desse tala heng ikkje heilt i saman med at størstedelen av bedriftene har sett av midlar i budsjettet for å kurse tilsette. Atheno vurderer at kursa som det er størst behov for å få meir kunnskap om, er forholdsvis lite kostnadskrevjande å delta på.


Atheno vil legge opp til ulike kurs i 2023 for bedriftene i heile regionen, og fleire av desse kursa som er ønska frå bedriftene i Tysnes vil verta tatt med i kursrekka.


Atheno er kjent med at Tysnes gjev meirsmak vil arrangere eit marknadsføringskurs for medlemsbedriftene i februar 2023. Dette er eit viktig kurs for desse bedriftene og vil vera med å heva kvaliteten på produktet Tysnes gjev meirsmak og dei ulike bedriftene. Dette er det kurset som flest bedrifter har kryssa av som relevant. Det har vore litt meir tidkrevjande å gjennomføre kartlegginga enn Atheno såg føre seg i starten. Det har vore mykje arbeid med å få tak i epost adresser til alle bedriftene og det har vore mykje arbeid med å finne fram til rett spørsmålsstilling. Atheno har hatt fokus på at undersøkinga ikkje måtte vera for omfangsrik. Det var viktig for oss at flest mogeleg tok seg tid til å delta.


Atheno meiner at svara som føreligg har gitt oss gode svar. Atheno rår difor til at Tysnes Kraftlag ikkje går vidare med å etablera eit eige kompetansefond, men at ein vurderer at dei bedriftene som har størst behov for større kompetansehevande tiltak, kan søkje næringsfondet om delfinansiering. Tysnes Kraftlag må eventuelt ta dette med i nye retningslinjer.


Atheno AS, Vabakken 6, 5411 Stord E-post: post@atheno.no www.atheno.no Atheno vil når sluttrapport er godkjent sende kort informasjon ut til alle bedriftene med informasjon frå kartlegginga. 

By Fredrik Hansen • October 22, 2026
Grøfterensking, graving og utlegging av sprengstein og pukk er gjennomført på skiløypa på Løkjen. Overvatn er leia bort, traseen er utbetra, og anlegget er klart til skisesongen. Skianlegget i Solheimsdalen (Løkjen) vart ferdigstilt i 2012 og er driven av Onarheim Idrettslag. Etter 14 år i drift hadde det samla seg overvatn på enkelte plassar i løypetrassen. Det gjorde det vanskeleg å preppe løypene om vinteren. Målet med prosjektet var å utbedre traseen slik at anlegget held den gode standarden folk er vant med. Arbeidet omfattar grøfterensking, graving og utlegging av massar, samt levering av sprengstein og pukk. Torbjørn Meland har utført maskinarbeidet. Folgefonn Entreprenør AS har køyrd massar og levert pukk. Sprengsteinen vart gitt i gåve frå Alsaker Fjordbruk. Styret har stått for planlegging og synfaring, og Bjørn Tore Espevik har merka kabelgater på dugnad. Arbeidet er ferdig – løypetrassen er utbetra og klar til skisesongen Skianlegget i Solheimsdalen er eit av dei mest brukte friluftsanlegga på Tysnes. Utbedring av løypetraseen vil gjere det enklare å halde løypene opne og i god stand, også når vêret gjer det utfordrande. Det gjev nytte for både medlemar i laget og alle som brukar anlegget til skitur, trim og friluftsliv. Me takkar Tysnes Kraftlag AS for støtta. Utan desse midlane hadde me ikkje fått gjennomført prosjektet slik det står i dag. Me takkar òg Alsaker Fjordbruk for gåve av sprengstein, Torbjørn Meland for arbeidet og rabatten, Folgefonn Entreprenør AS for transport og levering, og alle som stilte på dugnad
By Helge Hauge • October 19, 2026
Restaurering av glassmaleri er blitt dyrere enn overslag i 2024. Bakgrunn er dårligere forfatning på bly og glass enn anslått i 2024. Arbeidet ble mer omfattenden for glassmester og glassmester forlangte forsterkning i vindusparti for å avstive glassmaleriene. Denne stolpen ble spesial bestilt fra Andersland Bygg AS.
By Lars Mæland • October 8, 2026
Kort beskriving: Å etablera eit aktivitets- og leike-område for dei minste barna, i nær tilknytning til den nye ballbingen vår. Utfyllande beskrivelse av prosjektet For å auka aktivitets nivå og fritids tilbod til barn og unge i bygdene våre, ønskte me å opparbeide eit område med flerbruks binge (ball binge), samt eit aktivitetsområde med klatre stativ og sitte område. For å halde liv i bygdene og gjera dei attraktive for enno fleire barnefamiliar treng me gode samlingspunkt. Uteområde på Tveit med ballbinge, klatrestativ, benker og grill vil gjera at alle i heile familien kan møtast for ein kamp i ballbingen eller for eks å grille ein laurdagskveld. Prosjektet blei delt inn i 2 faser: Fase 1 med opparbeiding av område, samt innkjøp og oppføring av flerbruks binge er me no ferdig med, ref tidligare tilskudd fra Kraftlaget og innsendt rapport. No ønskjer me å gå vidare med Fase 2 Fase 2 er opparbeiding av tilkomst til området sør for ballbingen og oppføring av klatrestativ, bord, benker og lys på område. Lys også langs sjølve ballbingen. Mer detaljer : Utbetalt tilskudd frå SIM miljøfond, kr 80.000 av totalt tildelt kr 100.ooo,-, har gjort at me kunne starta arbeidet høsten 2025. Pigging av fjell for etablering av tilkomst til området ble utført, samt oppføring av forstøtningsmur mot fylkesvei bygget. Trær og busker som indikeres på utomhusplan vil ikke bli plantet. Bålplass på samme plan vil flyttes til sørøstre hjørne. Begge disse tiltak vil gjøres for å utnytte området maksimalt til planlagte lekeapparater. Innleiande beskrivelse : Prosjektet ( FASE 2 ) er gjennomført iht planlagte løysningar med tanke på tilkomst og etablering av leikeområde sør for allerede etablert ballbinge som vart gjennomført som ( FASE 1) Den einaste endringa er at valg av leikeapparat er endra i forhold til planlagte typar. Dette har sin årsak i at størrelsen på området ikkje tillot plassering av fleire planlagte apparat pga påkrevd areal til sikkerhetssoner rundt apparatene. Men dette endra ikkje det positive resultat me enda opp med!
By Lise Iren Sandtorv • September 18, 2026
Prosjektet skal auke kapasiteten og kvaliteten i Ramsalt Design gjennom innkjøp av ei profesjonell industriell overlockmaskin Ramsalt Design er ei lokal systove og eit mikrotrykkeri på Tysnes som tilbyr saum, reparasjonar, spesialsydde produkt, profilklede og tekstiltrykk til privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter. Verksemda har opplevd auka etterspurnad etter tenestene sine, og dagens utstyr avgrensar kapasiteten på fleire typar oppdrag. Prosjektet omfattar innkjøp av ei Baby Lock Acclaim overlockmaskin for å styrkje produksjonskapasiteten og kvaliteten på arbeidet som vert utført. Maskina vil gjere det mogleg å produsere klede og tekstilprodukt meir effektivt, med profesjonelle sømar og mindre materialsvinn. Ho vil òg vera eit viktig verktøy ved reparasjon, omsaum og tilpassing av tekstilar. Investeringa vil bidra til vidare utvikling av verksemda gjennom at fleire produkt og tenester kan utførast lokalt på Tysnes. Dette omfattar både spesialsydde klede, profilprodukt, reparasjonar og tilpassing av eksisterande tekstilar. På denne måten kan fleire kundar få tilgang til lokale tenester framfor å måtte sende oppdrag ut av kommunen. Prosjektet har òg ein berekraftig dimensjon. Ved å tilby reparasjon, omsaum og vidarebruk av tekstilar vert levetida til klede og utstyr forlenga, noko som reduserer behovet for nykjøp. Samstundes vil den nye maskina redusere materialsvinn og bidra til meir effektiv ressursutnytting i produksjonen.  Målet med prosjektet er å skape grunnlag for vidare vekst i Ramsalt Design, styrkje lokal verdiskaping og tilby berekraftige tekstiltenester med høg kvalitet til innbyggjarar, lag og næringsliv på Tysnes. En helt rå maskin som bidrar til økt kvalitet på sømarbeidet i Ramsalt Design, det gledes over muligheten for en mer effektiv produksjon og større kapasitet. I første fase har jeg satt meg grundig inn i de ulike funksjonene til maskinen og utført en testsøm av barneklær - siden disse plaggene blir utsatt for mye bruk og vask er de godt egnet til å teste både kvalitet og holdbarhet på sømmene.
By Morten Nordal • September 18, 2026
Brytematter plasserte på vogn.
By Solfrid Burkeland Smith • September 18, 2026
Njardar/ Tysnes J10 deltok helga 22-24.mai på Øystese cup med 11 jenter. Dei hadde med seg heile fem fedre. Til trass for ei svært regnfull helg i Hardanger, meldte både fedre og jenter om ei strålande cup helg! Helga 19-21.juni reiste 31 spelarar fordelt på J12, G13 og G16 til OBOS cup i Stavanger. Laga her var heldigare med været, og stemninga var god på felles overnatting i Vikinghallen for alle Njardar laga. Totalt 8 vaksne overnatta med gjengen. I tillegg var det god oppslutnad frå foreldre og familie i Stavanger. J12 spelte utan sluttspel. G13 tok seg heilt til finalen i B-sluttspelet, og måtte til slutt sjå seg slått på straffekort i ein spanande finale. G16 laget kom vidare til A-sluttspel, men rauk i første kamp her. Gjengen hadde likevel mykje moro og arbeid med å laga nye Njardar songar som me kanskje får høyre meir av snart? 25-31.juli deltok G14 og J14 på Norway cup med totalt 36 spelarar og vaksne. I tillegg var det ein stor supportargjeng med foreldre og familie som hadde reist til Oslo for å heia. G14 tok seg til B-sluttspel, men måtte sjå seg slått i første kamp her. Til trass for dette melder gutane om ein svært kjekk cup og Oslotur. J14 imponerte i grunn både seg sjølv og supportarane. Dei tok seg til 1/8 finalen i A sluttspelet der dei møtte for sterk motstand. Jentene har hatt ei kjempe oppleving, både sosialt og sportsleg. Cupane er gjennomført i tråd med søknad, og samtlege lag melder om gode cup opplevingar heilt frå Øystese - Stavanger og til Oslo!
By Jorunn Vonheim Grahl • September 18, 2026
Alarmsystem og ferdigstilling av vifte på kjøkken Autronica Fire and Security og elektriker Gunnar Riisøen har nå ferdigstilt alarmsystem og de har idriftsatt 6stk nye detektorer som er installert i gymsal og i noen rømningsveier. Liste er levert og plassert ved brannsentralen. Vifte på kjøkkenet er også nå på plass. Vi takker Tysnes Kraftlag som har vært med å støttet oppgradering av alarm og vifte på kjøkkenet i Kulturhuset. Tusen takk
By Øystein Vaage • September 17, 2026
Sommarkickoffen vart gjennomført på Myrdal Gård 16. april med årsmøte, medlemsmøte og sosialt program. Tildelinga frå Gåvefondet vart nytta til lyd, prosjektor og lerret i samsvar med vedtaket. Arrangementet samla medlemmane til den første store samlinga i «nye» Tysnes Gjev Meirsmak, og var viktig for å byggja engasjement i oppstartsfasen.
By Lorentz Lunde • September 17, 2026
Prosjektet er gjennomført i samsvar med tilbod frå Andersland Bygg. Det kunne ikkje gjerast dugnad på sjølve prosjektet, men me fekk nytta stillas og arbeidsplattformer til maling på dugnad. Dette er ikkje teke med i søknad, og er heller ikkje ein del av tilbodssummen. I tillegg til tilbodsarbeidet, som var grunnlag for søknaden, fekk me også utført ein del tilleggsarbeid med renovering av av gamle takrenner og nedløp på hovudbygget. De vil difor sjå at oppgjerssummen er høgare enn tilbodssummen. Arbeidet er i sin heilskap betalt med lån i Haugesund Sparebank, og me har tru på at me i nær framtid skal kunna betala ned det meste av lånet. Me er veldig nøgde med resultatet. Me har fått eit finare og mykje betre og meir teneleg bygg enn det me hadde. - Flate tak på over 50 år er krevjande å halda ved like. - Sjå foto nedanfor.
By Synnøve Bakke • September 17, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Å gje barn og unge i Tysnes kommune ei arena for å vise fram det dei helde på med Barne- og ungdomskonserten blir arrangert i Kulturkyrkja Onarheim søndag 8. mars 2026 kl. 15.00. Konserten er ei scene for lokale barn og ungdom, der deltakarane får høve til å framføre innslag saman i ei trygg og profesjonell ramme. Publikum er lokalsamfunnet, med særleg vekt på familiar og barn og unge. Me legg opp til låg terskel for deltaking og oppleving: billettpris 100 kr per vaksen, barn gratis. Varig verdi og plan om årleg arrangement Me ønskjer at konserten skal utviklast til eit årleg arrangement i Kulturkyrkja Onarheim, slik at barn og unge får ein fast, lokal arena for kulturutfalding. Målet er varig rekruttering til det frivillige song- og musikklivet i kommunen, styrking av fellesskap og ein positiv møteplass på tvers av alder og bakgrunn. Etter konserten vil me gjennomføre ei evaluering saman med kulturskulen og skulekorpset for å vurdere om dette skal bli ei fast årleg hending. Samarbeid og inkludering Tiltaket er forankra lokalt og byggjer på samarbeid og frivillig innsats. For konserten 8. mars 2026 er det lagt opp til medverknad frå lokale aktørar som Tysnes skulekorps og Tysnes kulturskule. Konferansierar er ungdommar frå Tysnes ungdomsråd. Eigeninnsats og utløysande effekt Konserten blir gjennomført med ein god del dugnadsinnsats. Støtte frå Tysnes Kraftlag vil vera avgjerande for å kunna gjennomføre arrangementet med trygg og god kvalitet. Særleg er det viktig at lydkvaliteten for dei som skal opptre er god, slik at me gir artistane dei best moglege føresetnadene for ei god oppleving og å lukkast på scena. Dugnaden er basert på Kulturkyrkja sitt forarbeid: 36 timar til møte, planlegging og marknadsføring, samt 20 timar dugnadsinnsats på sjølve konsertdagen. Til saman utgjer dette 56 timar dugnad frå medlemene i Kulturkyrkja. Finansiering Me har sett opp eit budsjett og ein finansieringsplan for konserten, der det går fram at utgifter til profesjonell lyd er den største utgiftsposten. I tillegg ønskjer me at alle dei medverkande barna skal få noko mat før konserten, og me har inngått avtale med «Heimelaga av Robles» om levering av bollar til dei medverkande. SLUTTRAPPORT Barne- og ungdomskonserten blei gjennomført i Kulturkyrkja Onarheim 8. mars 2026 kl. 15.00, slik planlagt. Konserten gav barn og unge i Tysnes ein trygg og profesjonell arena for å stå på scena og vise fram det dei held på med, og me fekk svært gode tilbakemeldingar frå både deltakarar, foreldre og samarbeidspartnarar. Det blei ein strålande konsert, full av glede og skaparglede hjå barna. Støtta frå Tysnes Kraftlag gjorde det mogleg å sikre profesjonell lyd og teknisk gjennomføring, som var avgjerande for kvalitet og tryggleik for dei som opptredde. Prosjektet blei gjennomført med 73 dugnadstimar, og me serverte enkel mat til dei medverkande barna før konserten. Me vurderer no vidareføring som årleg arrangement, og har allereie lagt inn tentativ dato for konsert i 2027. Kulturkyrkja har saman med Tysnes kulturskule evaluert konserten, og evalueringsrapporten ligg ved.
Les meir