This is a paragraph. Writing in paragraphs lets visitors find what they are looking for quickly and easily.

Learn more Learn more

This is a paragraph. Writing in paragraphs lets visitors find what they are looking for quickly and easily.

This is a paragraph. Writing in paragraphs lets visitors find what they are looking for quickly and easily.

Learn more

This is a paragraph. Writing in paragraphs lets visitors find what they are looking for quickly and easily.

Learn more

This is a paragraph. Writing in paragraphs lets visitors find what they are looking for quickly and easily.

Learn more


Kontakt oss



Me gir liv til gode idear!

Tysnes Kraftlag støttar eldsjeler, gründerar, lag og organisasjonar til å dra i gong gode initiativ som gjev trivsel og vekst i lokalsamfunnet

Tysnes Kraftlag er stolt av å støtte Tysnesfest Ung

«Formålet faller sammen med våre verdier, vår strategi knyttet til «Framtidskraft» og vår satsning på aktivitet for barn og unge. Det er meiningsfylt å sjå at dei unge er aktivt med og skapa ein festival for seg sjøl.» seier styreleiar i Kraftlaget Einar Wathne. «Desse er vår framtid til å driva Tysnesfest vidare i mange år framover.

Søndag 23.8 var det stor feiring ved Friluftshytta ved Kyrkjevatnet

Me kunne gratulera Tysnes Turlag med 5-årsdagen. I same høve opna Ordførar Synnøve Bakke saman med Johanne den nye aktivitetsparken ved Kyrkjevatnet. I tillegg til alt dette klarte vi også å markere at Tysnes er den beste friluftskommunen i Vestland og på tredje plass i landet! https://friluftslivsbarometeret.no/


Tysnes Kraftlag er stolt av å vera medspelar til alle desse initiativa. 


Ulike utstillarar presenterte seg og si rolle innan friluft, så gjorde også Kraftlaget.


Som ordføraren sa det: For ein dag, for eit vær, for ei stemning!


Innkalling til ordinær generalforsamling 2025

Den 2. juni 2025 kl. 18.30 vert det halde ordinær generalforsamling i Tysnes Kraftlag AS i Ungdomshuset  Vonheim lokale, Engjelsvegen 1, Våge, Tysnes. Sakspapira er tilgjengelege på nettsida vår https://www.tysneskraftlag.no/ frå 26. mai 2025.

Dei vert og sendt ut til aksjonærar med kjend e-post adresse same dag.


Årets Generalforsamling vert gjennomført digitalt. Alle aksjonærar med registret e-post i VPS vil få tilsendt ein e-post frå 

OrgBrain med anmodning om registrering til GF på førehand. Her kan ein og leggja inn fullmakter. Er du aksjonær men ikkje 

har fått denne e-posten innan 17. mai, må du melda dette til post@tysneskraftlag.no, så vil me senda deg naudsynt informasjon.

Tysnes Kraftlag kan få nytt kjempeutbyte frå Eviny

Me gjer merksam på at utbyte for Tysnes Kraftlag som vart vedteke på siste GF, på kr 0,01 pr aksje vert utbetalt 20.juni.


Styret i Eviny AS har gjort framlegg om å betala ut aksjeutbyte. Det tyder 17,78 millionar til Tysnes Kraftlag AS, som er blant dei største småeigarane med en eigarandel på 1,7 prosent. Styreleiar i Tysnes Kraftlag AS, Einar Wathne seier at eigarskapet i Eviny gjer det mogleg å auka satsinga på næringsutvikling, både til nyskaping og omstilling, og å støtta lag og organisasjonar på Tysnes. 

Kva type bustader treng vi i framtida?

Under GF i Kraftlaget i 2023, vart det løyvd kr 500.000 til ei utgreing av korleis ein kan få etablert eit tomteselskap/eigedomsselskap
som kan leie utviklinga av eigedom til bolig og næring i kommunen.


Tysnes kommune og Tysnes kraftlag har sett i gang arbeid med forprosjekt for mogleg nytt tomteselskap på Tysnes. Styringsgruppa var einige om at første trinn var å gjennomføre ei behovsanalyse, og har engasjert Atheno som prosjektleiar, medan ABO Plan & Arkitektur leverer grunnlag for diskusjonene. Vedlagte notat er eit slikt diskusjonsgrunnlag. 

LES MEIR

Lag og organisasjonar som tek imot aksjer

Her finn du lista øve laga og organisasjonane som er klar for å ta imot aksjar frå aksjonærar i Tysnes Kraftlag. Last ned og noter i skjema kor mange aksjar du har, kor mange du gjer til dine lag/organisasjonar, og kor mange du beheld sjølv. Så signerer du og sender til guro@tysneskraftlag.no

LAGSLISTA SKJEMA

Dette har me støtta:

By Harald Heie September 9, 2025
Styret vedtok 10/4-25 å oppgradera lydanlegget på bedehuset. Me tok kontakt med Arne Leite i Våge for bestilling, ekspertise og hjelp med montering. Me har skifta ut høgtalarane i hovudsal, samt nye sangmikrofonar m/stativ, ny forsterkar, trådlaus hodemikrofon, gitarforsterkar, notestativ, kablar mm. Høgtalarar i småsal og kjeller vart knytt saman med det nye. Nødvendige festemidler og bossavgift kom i tillegg.
By Kenneth Røssland September 9, 2025
Det vart halden ein samhandlingsøvelse med alle hjelpeetatar i Tysnes Kommune 22.mai 2025. Øvinga var delt inn i 2 delar, først ein bordøving etterfulgt av ein felles praktisk øving. Øvinga tok utgangspungt i brann i Stjernereiso barnehage. Mål for øvinga var samhandling ved større hendingar.
By Jorunn Grahl September 9, 2025
Haukafær vel hatt stor dugnad for at turvei og klargjøring til å sette opp gatelykt på denne rundturnen. Vi alle er svært takknemlige for å kunne gå sikret rundt denne løypen nå. Takker for støtten
By Jorunn Grahl September 9, 2025
Haukafær Vel har hatt flere dugnader sammen og ryddet turvei og fått satt opp gatelykt nr 2 på turveien, Rastebordene er blitt plassert nede i Haukafærvågen med fin utsikt over vågen. Batteriet til hjertestarteren er også plass. Alle er svært glade for dette tiltaket og alle takker Tysnes Kraftlag for at dette ble mulig
By Nina Olsnes Iversen September 9, 2025
På årsmøtet i 2023 vart det bestemt å prøva å få ein karusell til leikeplassen vår i 2025. Vi starta planlegginga hausten 23, og kom fram til at ein Romana Carousel ville passa oss. Sjølve arbeidet starta i april/mai 2025, med Arne Dalsgård som prosjektleiar. Karusellen stod ferdig juni 2025. I tillegg til desse utgiftene har vi omsider kjøpt inn eit skilt der våre støttespelarar er noterte. Skiltet er lett synleg for forbipasserande. Karusellen er svært populær blant brukarane av leikeplassen, og Lundehagen Vel har hausta mange godord. I tillegg til disser og sandkasse, har barna no fått seg noko som ikkje fins andre stader i bygda, og det set dei pris på. Tusen takk til Tysnes Kraftlag for støtta!
By Øystein Vaage September 9, 2025
Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår. Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen får mange positive tilbakemeldingar. Med Tysnesfest i spissen har lokalt næringsliv dei siste åra hatt ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til fleire. For å få dette til har ein via næringsrådet fått støtte frå Tysnes Kraftlag til å dekka inn delar av auka kostnadar til trykking og distribusjon.  Sommaravisa for 2025 var rekordstor med 96 sider og blei trykt i eit opplag på heile 52.000 eksemplar. Nytt i år var at sommaravisa kom som ilegg i både e-avisa og papiravisa til Bergens Tidende. Dette i tillegg til at avisa blei distribuert til alle husstandar i kommunane Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Bjørnafjorden og deler av Kvam og Kvinnherad. Avisredaksjonen har fått gode tilbakemeldingar på årets sommaravis. Lesarar har teke kontakt og vil vita meir om kva som skjer i kommunen vår. Truleg har sommaravisa ført til at fleire har teke turen for å oppleva Tysnes. Utan støtte frå Tysnes Kraftlag hadde det ikkje vore mogleg å nå ut til så mange lesarar med årets utgåve av sommaravisa "Opplev Tysnes".
By Christian Nome Lepsøe September 9, 2025
Deler av benkene i badstuen vår måtte skiftes ut fordi de var slitt og begynt å bli "frynsete" sannsynligvis fordi saltvann tærer på treet. Andersland Bygg gjorde jobben i juni. Takk for støtten fra kraftlaget til dette.
By Else Marit Særsten September 5, 2025
Tysnes skulekorps reiste til Stockholm 20.-24.juni 2024 Me var 30 stk som reiste, derav 18 musikanter. Me tok fly og budde i hytter i Nynæshavn like utenfor Stockholm. Iløpet av turen spelte skulekorpset ein konsert på Stortorvet i Gamla Stan og ein konsert på campingplassen der me budde. Me var og turister og besøkte slottet, Grøna Lund, Paradoxmuseet mm. Ein veldig kjekk og sosial tur. Slike turer er viktig for samholdet i korpset. Tysnes Skulekorps takkar for støtta me fekk frå Tysnes Kraftlag.
LES MEIR

Krafttak for Tysnes

- ei levande kraft i lokalmiljøet.

LES MEIR

Spørsmål om tildeling av midlar?

Ta kontakt med styresekretær

Guro Fjeldet Lunde
Tlf
91 64 81 33

RETNINGSLINJER FOR STØNAD