Retningslinjer for sponsing av Tysnes Talent
Formål:
- Tysnes Kraftlag AS har som mål å vera eit økonomisk kraftsenter i Tysnes Kommune.
- I dette målet inngår eit val om å støtta talent på Tysnes.
- TYSNES KRAFTLAG AS ynskjer å bidra til større økonomisk forutsigbarhet til talent med oppvekst på Tysnes.
- TYSNES KRAFTLAG AS ynskjer at slik eksponering skal gjeva eit positivt omdømmebidrag for Tysnes.
- Stønad tildelt basert på desse retningsliner skal på ingen måte skapa presedens for andre tilskot. Dei vil bli vurderte av styret på årleg basis, og kan bli endra og/eller avslutta utan forvarsel. Inngåtte avtaler vil ikkje bli påverka av endringar i retningslinene.
Kven kan søkja:
- Tysnestalent under 35 år.
Korleis søkja:
- Søknader med dokumentasjon av resultat og planar gjennom Tysnes Kraftlag AS si heimeside: www.tysneskraftlag.no.
Verdi på avtale:
- Årleg verdi mellom 10.000 og 50.000.
Utbetaling:
- Årleg sum vert betalt ut i etterkant av vedtak.
Krav til søkjar:
- Skal bæra Tysnes Kraftlag AS – Tysnestalent logo godt synleg på trenings- og konkurranseklede.
- Dersom talent vel å avslutta karriere i løpet av avtaleperioden, skal avtalen avsluttast same året.
- Vert talent dømt for doping, skal heile det mottekne beløpet tilbakebetalast til TYSNES KRAFTLAG AS innan
ein månad etter domfelling. - Anna profilering til dømes at Tysnes Kraftlag AS skal nemnast i ulike intervju.
- Felles profilering i media når avtalen vert inngått/tilskot vert gitt.
Avtalens varigheit:
- 1 til 3 år med moglegheit for forlenging etter søknad.
Dokumentasjon til søknad:
- Budsjett/plan
- Aktivitetsplan
- Oppnådde resultat
Dokumentasjon:
- Årleg kort rapport ved årsslutt som viser oppnådde resultatlister, samt ambisjonar og planar for neste år.
RETNINGSLINER FOR SPONSING AV TYSNESTALENT, BASERT PÅ STRATEGI VEDTATT I GENERALFORSAMLING 2019
Utarbeida av AM, godkjent av styret i Tysnes Kraftlag AS, 17. juni 2019 . Endra i styremøte 20. september 2019. Endra i styremøte 8. mai 2023