Aksjeoverføringar

For å eiga aksjar i TKAS må ein ha adresse, eigedom eller forretningsadresse i Tysnes kommune.

Overføringa vert lagt fram for styret til godkjenning.

For å gjennomføre overføringa treng styret flg info:


Ved dødsbo

  • skifteattest
  • Fullmakter ved evt fleire arvingar
  • VPS nr fra avdøde og mottakar(ar). 
  • Husk krav til tilknytning (hus/hytte/firma)


Overføring

  1. VPS frå begge
  2. Brev/ mail om at xx overfører kor mange aksjar til xx
  3. Husk krav til tilknytning (hus/hytte/firma)


Fyll ut skjema på nettsida vår, og send dette på mail saman med dokumentasjon til mailadresse oppgitt i skjema.

LAST NED SKJEMA

Likningsverdi av aksjar 2024

Me har fått mange aksjonær førespurnader, som seier at likningsverdien for TKAS aksjar er dobla frå i fjor.

Me har stilt eit par spørsmål knyta til dette til vår til revisor i KPMG, Terje Hatleberg:

Me er merksame på at verdien av aksjane for dette året er sett opp av Skattemyndigheitene.

  1. Korleis skjer dette, skjønn frå Skatteetaten?
  2. Noko vi kan gjere for å påverke dette?

 

Svar:

Svaret er nok ganske enkelt, formues verdi på aksjane de eig i Eviny AS økte i formues verdi fra MNOK 528 i 2022 til MNOK 1 092 i 2023! Lite å gjere utover det som er signalisert tidlegare til aksjonærane at de bør gi bort alt bortsett frå 1 aksje til lag og foreiningar. Eviny sin formues verdi har vi lite kontroll på.

 

Med vennleg helsing

Terje Hatleberg

KPMG AS