Reisefond for skular og barnehagar i Tysnes kommune
Tysnes Kraftlag har vedteke på Generalforsamlinga i 2024 å sette av 250 000 kroner til eit reisefond for skular og barnehagar i Tysnes kommune. Dette skal erstatte søknader som går direkte til Kraftlaget om pengar til sosiale tilstellingar og reiser.
Hordfastundersøkinga
Hordfast er det største samferdselsprosjektet som nokon gong er planlagt i og over vårt nærområde. Prosjektet vil i stor grad påverka Tysnessamfunnet, både i byggeperiode og etter at vegen er opna.
Tysnes Kraftlag tenkjer å nytta denne spørjeundersøkjinga som grunnlag for seinare å kunna gjennomføra ei mogeleghetsstudie for Tysnes!
Svara som kom inn i Tysnes Kraftlag si spørjeundersøkjing i april/mai i år, er med å kartlegga kva fastbuande og ferierande tenkjer om Hordfast over Tysnes.
Tysnes Kraftlag kan få nytt kjempeutbyte frå Eviny
Me gjer merksam på at utbyte for Tysnes Kraftlag som vart vedteke på siste GF, på kr 0,01 pr aksje vert utbetalt 20.juni.
Styret i Eviny AS har gjort framlegg om å betala ut aksjeutbyte. Det tyder 17,78 millionar til Tysnes Kraftlag AS, som er blant dei største småeigarane med en eigarandel på 1,7 prosent. Styreleiar i Tysnes Kraftlag AS, Einar Wathne seier at eigarskapet i Eviny gjer det mogleg å auka satsinga på næringsutvikling, både til nyskaping og omstilling, og å støtta lag og organisasjonar på Tysnes.
Innkalling til ordinær generalforsamling 2025
Den 2. juni 2025 kl. 18.30 vert det halde ordinær generalforsamling i Tysnes Kraftlag AS i Ungdomshuset Vonheim lokale, Engjelsvegen 1, Våge, Tysnes. Sakspapira er tilgjengelege på nettsida vår https://www.tysneskraftlag.no/ frå 26. mai 2025.
Dei vert og sendt ut til aksjonærar med kjend e-post adresse same dag.
Årets Generalforsamling vert gjennomført digitalt. Alle aksjonærar med registret e-post i VPS vil få tilsendt ein e-post frå
OrgBrain med anmodning om registrering til GF på førehand. Her kan ein og leggja inn fullmakter. Er du aksjonær men ikkje
har fått denne e-posten innan 17. mai, må du melda dette til post@tysneskraftlag.no, så vil me senda deg naudsynt informasjon.
