Fyll ut søknadskjema. Søknader under 20.000 kroner vil bli godkjent i løpet av
2-3 veker. Større beløp treng styregodkjenning, og styret møtast annankvar månad. Støtte vil normalt bli utbetalt 2-3 veker etter innsendt sluttrapport.
Styret i Tysnes Kraftlag AS vurderer innkomne søknadar. Dette kan ta Inntil ein månad mindre enn 20.000. Inntil 4 måneder mellom 20.000 og 500.000. Årlig på generalforsamling over 500.000
Dersom din søknad er blitt godkjent for tildeling av Tysnes Kraftlag-midlar, vil du få utbetalt støtta normalt innan 2 veker, dersom ikkje anna er angjeve i vedtak. Delutbetalinger vil bli nytta i nokre høve.
Ved tildeling av midlar må mottakarane profilera Tysnes Kraftlag AS i samband med tiltaka som er støtta. De kan lasta ned logo til bruk for profilering her.
Har du bilete frå prosjekt, organisasjons- eller lagsarbeid som har fått støtte til Tysnes Kraftlag AS? Send dei gjerne til oss: post@tysneskraftlag.no eller last dei opp i sluttrapporten.