Retningslinjer for tildeling av ENØK-tilskot


Formål:

 

Formålet med ordninga er å bidra til at Tysnes, trass historisk høge straumprisar, framleis har eit rikt og variert næringsliv ved å hindra at elles berekraftige verksemder i Tysnes kommune får store økonomiske problem som følge av dagens straumprisar, samt å bidra til innføring av energiøkonomiserande tiltak (enøktiltak).


Moglegheit til å søkja stønad til ENØK tiltak i næringslivet gjeld i utgangspunktet for ein tidsavgrensa periode frå 31. januar 2023 fram til Tysnes Kraftlag si ordinære generalforsamling 2024.


Sidan styret i Kraftlaget fekk den første søknaden frå ei verksemd som trong hjelp med ENØK-tiltak til styremøtet 24. august 2022, fekk ein råd frå generalforsamlinga om at ordninga bør få tilbakeverkande kraft for tiltak iverksett frå 24. august 2022 og fram til Ordinær generalforsamling 2024.


Det blei sett av to millionar kroner til ENØK-stønad til verksemder i Tysnes kommune på Omfram generalforsamling 30.01.2023. På generalforsamlinga 05.06.2023 blei det sett av nye to millionar kroner til ENØK-stønadsordninga.  

 


Vilkår:

 

ENØK-stønad gjeld privateigde verksemder med organisasjonsnummer registrert i Brønnøysundregistera og med registrert forretningsadresse i Tysnes kommune. Verksemda må vera hovudinntektskjelda til minst éin person, og sjølv dekka utgifter til straum. Er søkjar eit eigedomsselskap må eigedomen husa minst eit årsverk. Tiltaka må vera innførte i bygningar med adresse i Tysnes kommune.


Verksemder som kan søkja om stønad til ENØK tiltak må ha minimum 50.000 kroner i omsetnad.


Søknad må dekka alle ENØK tiltak i ein omgong. Det er ikkje mogleg å søkja fleire gonger.


Maksimal stønad er kroner 200.000,- og kan ikkje overstiga 75% av dei totale kostnadane.


Det er i utgangspunktet eit krav at verksemda må gjennomføra ei energikartlegging av verksemda, utført av tredjepart, før ein kan motta midlar frå fondet. Unntak må godkjennast av ENØK-arbeidsgruppa som er nedsett av Tysnes Kraftlag AS


Stønad til energikartlegging av verksemda kan dekkast med inntil kr 15.000, men kan ikkje overstiga 75% av totalkostnaden.


Følgande verksemder er ikkje omfatta av ordninga:

a) Kraftkrevjande industri.

b) Finansforetak og andre verksemder med investeringsverksemd som hovudformål.

c) Produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet og vassforsyning.

d) Utanriks varetransport på sjø.

e) Olje- og gassutvinning.

f) Verksemder utan aktivitet.

g) Verksemder som er under konkursbehandling eller som er kravde konkursopning mot.

i) Verksemder som har preg av hobby.


Verksemder innan butikkhandel, tenesteyting og servering vil bli prioriterte.


Søknaden:

Søknad skal sendast inn via søknadsskjema på TKAS si nettside, merka søknad ENØK tiltak.


Det vil vera høve for verksemder som kjem inn under ENOVA sine stønadsordningar om å søkja stønad frå fondet i tillegg. Dei samla tilskota må ikkje overstiga 75% av dei totale kostnadane med prosjektet.


Utbetaling av stønad vert gjort etter at tiltaka er gjennomført, basert på ein sluttrapport. Sluttrapport må innehalda ein skriftleg rapport med bilete og rekneskap med vedlegg/faktura. Sluttrapport skal sendast inn på skjema på nettsida til TKAS, merka sluttrapport ENØK tiltak.


Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført i samsvar med søknaden, kan næringsfondet avslå eller avkorta stønad.


Søknadar om stønad skal vedtakast i styret i Tysnes Kraftlag etter tilråding frå ENØK-arbeidsgruppa


Kvar einskild verksemd som søkjer om ENØK-stønad er sjølv ansvarleg for å fylla vilkåra i retningsliner for stønad. Dersom verksemda møter vilkåra, men av ulike grunnar ikkje får innvilga støtte etter søknadsbehandling i Tysnes Kraftlag sitt styre (t.d. at ramma for ENØK-midlane er oppbrukte), kan verksemda likevel få dekka 75 % av energikartlegging inntil 15.000 kr.


Godkjent av GF i Tysnes Kraftlag AS, januar.2023. Revidert av styret i styremøte 28.08.2023