Call Us +1-555-555-555

Oppdateringer frå prosjekt, organisasjons- eller lagsarbeid som har motteke midlar av Tysnes Kraftlag AS


By Per Verner Aase 07 May, 2024
Styret i Hålandsneset Grendalag vil med dette takke Tysnes kraftlag for støtte til oppgradering av kjøken i Grendahuset vårt. Oppgraderinga er no gjennomført og huset er no godt rusta til bruk for dei to konfirmasjonane i mai og alt det andre vi har planar om i 2024. Vi har arbeidd veldig intensivt for å få dette til og nytta mange dugnadssjeler til arbeidet. No har vi eit kjøken som er meir funksjonelt. Den store vasken og integrerte kvitevarer set oss i stand til å ha selskap med opp til 60 gjestar.
By Marianne Elgsås 07 May, 2024
Har skiftet alle dører og vinduer til 3 lags.
By Vigdis Christensen 06 May, 2024
Vi hadde kurs 16 mars 24. Tysnes Rødekors/hjelpekorps holdet kurset. Vi var 16 deltagere, to under 16 år dom snart er på egenhånd på veien. Vi fikk alle prøvd øvelser og hjertestarter. En fin artikkel i Tysnes Bladet om kurset.
By Harald Heie 06 May, 2024
Det er bedehuset som står for den praktiske delen av arbeidet. Tysnes indremisjon står for det meste av arbeidet.
By Einar Aslaksen 19 Apr, 2024
Garderobar og toalett er malt, både veggar og tak. Det er skifta golvbelegg og i alt 4 dørar. Vidare er 3 dørar i møtesalen skifta. Garderobane har gjennom oppgraderingsarbeidet fått ei skikkeleg «ansiktsløfting» og vert tenelege for framtidig bruk. Båtlaget er særs takkksame for at styret i Tysnes Kraftlag AS har gjeve tilskot til dette viktige oppgraderingsarbeidet.
By Tore Økland 19 Apr, 2024
Takk for støtta til tavla og tavlehuset, lysing i bladet Tysnes, materiale, skruer, tau og dugnad når til bygginga av trapp og festing av tau for nedstigning.
By Vegard Aslaksen 12 Apr, 2024
Dei yngste deltakarane som treng at foreldra er med drar på bading i terapibassenget i OS badet. Kvinnherad kommune låner ut bassenget i Hatlestrand til oss to dagar i veka fram til jul. Løysinga gjer at samtlige 12 symjekurs har fått tilbod om regelmessig symjeopplæring fram til jul dog med redusert frekvens på treningane. Det er vanskelig å kunna tilby eit fullverdig opplegg pga begrensa kapasitet og lang reiseveg. Men me er oppteken av å kunna tilby noko med god kvalitet. Elitegruppa vår får trening ein gong i veke (mot normalt 2) med dei andre gruppene får trening annankvar veke. Det var noko redusert frammøte totalt sett. Difor noko reduserte kostnader enn budsjettert. Det har tært på å få dette til med mykje reising fram og tilbake. Men tilbodet har vorte svært godt motteke.
By Per Verner Aase 12 Apr, 2024
Hålandsneset Grendahus er flittig brukt til sosiale tilstellingar og private markeringar for bygdefolket. Vi ser at huset må stadig oppgraderast for at det skal framstå som eit attraktivt samlingspunkt. Dei siste oppgraderingane med byte av vindauge vil gjere bygget lunare og vi vil halde oppvarmingsutgiftene nede. Oppgåva vart løyst på framifrå måte av Andersland Bygg i veke 11. Måling utvendig vert gjort på dugnad seinare på sommaren sidan det er nytta trykkimpregnerte materialar. Måling innvendig vert gjort på dugnad i løpet av sommaren. Hålandsneset Grendalag takkar varmt for støtta.
By Arve Belt 12 Apr, 2024
Me vil takka Tysnes Kraftlag for at De ville støtta prosjektet vårt. Det er omsider no ferdigstilt. Var ein del venting på leverandører. Ventilasjonsanlegget er no tatt i bruk, og fungerer godt.
By Rannveig Ljostveit Helland 10 Apr, 2024
Aksjon Krafttak mot kreft - Leige av bussar. Leg ved kjekke bilete som syner aktive skuleborn og barnehageborn som har gått til topps på Blåbærhaugen. Det var også ny deltakarrekord på årets aksjon med over 3000 turgåarar. Det var til tider kø for innskriving i turboka.
Share by: