Call Us +1-555-555-555

Mandelhuset og Lynghaugane Møbelverkstad - Samarbeidsprosjekt Design og utvikling av bærekraftige restaurantmøbler

Patrick Russell Madsen • Feb 14, 2024

Mandelhuset og Lynghaugane Møbelverkstad sette seg eit ambisiøst mål i eit marked oversaturert av lite bærekraftige løysingar: å utvikla og innovera innan restaurantbordmarkedet. Dette målet har me nådd, og som ein ekstra gevinst, har me klart å bryta gjennom i markedet med ein stor første salgsordre for Lynghaugane Møbelverkstad. Dette framstår som ein solskinnshistorie. Prosjektet er no fullført, og ein prototype er utvikla. Det neste logiske steget er å patentere produktet, finpussa det, og marknadsføre det for sal både nasjonalt og internasjonalt.


Lokalt samarbeid og gjennomføringa av dette er av stor viktighet. Kombinasjonen av ein felles ide og ønsket om samarbeid, støtta av risikokapital frå Tysnes Kraftlag, gjorde dette prosjektet mogleg. Det har blitt utført med begrensa finansielle midlar. Den praktiske utføringa og designet er skapt av Aleksander i Lynghaugane Møbelverkstad. Samspel, møter med bekjente og støtte frå "gode hjelpara" har vore uvurderleg. Me kan ikkje understreka nok kor viktig godt lokalt samarbeid er. Ofte er det vanskeleg å identifisera problemet i eit prosjekt. I dette tilfellet såg Mandelhuset og Patrick eit problem i bransjen, og gjennom samarbeid med Lynghaugane Møbelverkstad og Aleksander, fant me løysinga. Uten Lynghaugane Møbelverkstad og støtte frå Tysnes Kraftlag, kunne dette problemet ha forblitt uløyst. Samarbeid er nøkkelen til framtida!


Prosessen

I prosjektet for å utvikla bærekraftige restaurantmøblar, har Lynghaugane Møbelverkstad i samarbeid med Mandelhuset designa, utvikla og produsert ein prototype, og i prosessen også sikra seg ein ny kunde.


Kjernen i prosjektet var utforminga av bordbeina til eit restaurantbord, der målet var å kombinera samanleggbarheit med vakker utsjånad.

Det blei lagt vekt på funksjonalitet som ein restaurant treng, bærekraftig produksjon og estetisk tiltalande design.


Utfordringa låg i konstruksjonen av koblinga mellom ein rund trefot og bordplata. Det blei utført omfattande designarbeid for å utvikla ulike løysingar. Problemstillinga var enkel: Beina skulle kunne leggast saman eller fjernast frå bordet, samtidig som dei måtte vera stabile nok for bruk i restaurant. I tillegg skulle løysinga vera økonomisk gunstig og bærekraftig produsert. Det blei designa fleire løysingar, der nokre vart 3D-printa. Ei viktig utfordring var at løysinga ikkje skulle kreva bruk av verktøy eller mykje tid for samanslåing/demontering. Internasjonale leverandørar vart kontaktet for å finna ferdige produkt, men dette førte ikkje fram.


Den første løysinga, kalla “bajonettkoblinga”, var brukbar, men blei avvist grunna kostnad og styrke. Tre leverandørar vart førespurt, og to tilbod vart mottekne på henholdsvis 2000 og 3000 kroner per fot, frå Fusa Mekaniske, Askim Mekaniske og Os Mekaniske.


Leverandøren for den valde patenten blei smeden Eyvind Sørfonn frå Nordtveit, som tilbaud ein konkurransedyktig pris og rask levering av delane til prototypen. I alt blei det designa fire ulike løysingar, og to av desse vart produsert i full skala hos underleverandørar. Den fjerde patenten blei vurdert som tilstrekkeleg god til å presentera for kunde og blei montert på eit prototypebord. Bordet, som er rundt og 160 cm i diameter, skulle fungere som ein prototype og presenterast for leiinga på Fløyen i Bergen.


Prosjektet for å utvikle bærekraftige restaurantmøblar har allereie vist seg å vera ein suksess. Det valde designet, skal ikkje berre nyttast på dei nye borda til Mandelhuset, men også på borda i den nye restauranten på Fløyen i Bergen. Lynghaugane Møbelverkstad er valt som leverandør av alle 14 borda i selskapslokalet, samt 8 bord til den eksklusive delen av restauranten. Lynghaugane Møbelverkstad blei valt fordi me satsar på bærekraft, brukar kortreiste materialar frå Tysnes, og har funne ein god måte å kombinera estetikk, funksjonalitet og bærekraftige råvarer på.

By Einar Aslaksen 19 Apr, 2024
Garderobar og toalett er malt, både veggar og tak. Det er skifta golvbelegg og i alt 4 dørar. Vidare er 3 dørar i møtesalen skifta. Garderobane har gjennom oppgraderingsarbeidet fått ei skikkeleg «ansiktsløfting» og vert tenelege for framtidig bruk. Båtlaget er særs takkksame for at styret i Tysnes Kraftlag AS har gjeve tilskot til dette viktige oppgraderingsarbeidet.
By Tore Økland 19 Apr, 2024
Takk for støtta til tavla og tavlehuset, lysing i bladet Tysnes, materiale, skruer, tau og dugnad når til bygginga av trapp og festing av tau for nedstigning.
By Vegard Aslaksen 12 Apr, 2024
Dei yngste deltakarane som treng at foreldra er med drar på bading i terapibassenget i OS badet. Kvinnherad kommune låner ut bassenget i Hatlestrand til oss to dagar i veka fram til jul. Løysinga gjer at samtlige 12 symjekurs har fått tilbod om regelmessig symjeopplæring fram til jul dog med redusert frekvens på treningane. Det er vanskelig å kunna tilby eit fullverdig opplegg pga begrensa kapasitet og lang reiseveg. Men me er oppteken av å kunna tilby noko med god kvalitet. Elitegruppa vår får trening ein gong i veke (mot normalt 2) med dei andre gruppene får trening annankvar veke. Det var noko redusert frammøte totalt sett. Difor noko reduserte kostnader enn budsjettert. Det har tært på å få dette til med mykje reising fram og tilbake. Men tilbodet har vorte svært godt motteke.
By Per Verner Aase 12 Apr, 2024
Hålandsneset Grendahus er flittig brukt til sosiale tilstellingar og private markeringar for bygdefolket. Vi ser at huset må stadig oppgraderast for at det skal framstå som eit attraktivt samlingspunkt. Dei siste oppgraderingane med byte av vindauge vil gjere bygget lunare og vi vil halde oppvarmingsutgiftene nede. Oppgåva vart løyst på framifrå måte av Andersland Bygg i veke 11. Måling utvendig vert gjort på dugnad seinare på sommaren sidan det er nytta trykkimpregnerte materialar. Måling innvendig vert gjort på dugnad i løpet av sommaren. Hålandsneset Grendalag takkar varmt for støtta.
By Arve Belt 12 Apr, 2024
Me vil takka Tysnes Kraftlag for at De ville støtta prosjektet vårt. Det er omsider no ferdigstilt. Var ein del venting på leverandører. Ventilasjonsanlegget er no tatt i bruk, og fungerer godt.
By Rannveig Ljostveit Helland 10 Apr, 2024
Aksjon Krafttak mot kreft - Leige av bussar. Leg ved kjekke bilete som syner aktive skuleborn og barnehageborn som har gått til topps på Blåbærhaugen. Det var også ny deltakarrekord på årets aksjon med over 3000 turgåarar. Det var til tider kø for innskriving i turboka.
By Terje Sløgedal 10 Apr, 2024
Jegerprøvekurs Tysnes skule 8.mars var 27 elevar frå Tysnes skule på skytebanen på Flatråker. Dei fekk prøvd rifleskyting og hagleskyting. For mange var dette fyrste gangen dei tok i eit jaktgevær. Dei fekk kunnskap om sikkerheit og korleis dei skulle oppføre seg på ein skytebane med våpen. Dei fekk skyte mange skudd med både rifle og hagle. Mange jegerprøvekurs nytter berre salong gevær. Elevane våre fekk prøve å skyte med fleire typer kraftige jakt rifler, og hagler. Tysnes kraftlag har vore med å gjere dette mogleg med å sponse 50% av kostnadane til ammunisjon. Dette setter instruktørar, og ikkje minst elevane svært stor pris på. Tusen takk!
By Mailinn Hagen 10 Apr, 2024
Lundegrend idrettslag søkte om midlar til ei utviding av Naturleikeplassen i Lio i Lunde. Her er det ofte born og leikar og plassen har no har fått ei flott hengebru. Denne er mellom to trær og har allereie skapa mykje glede hos borna. Takk til Tysnes kraftlag som støtta oss med midlar til å realisere denne. Laget har leigd inn han som har laga resten av leikeplassen som driv eit einmannsforetak. Han gjer arbeidet etter dei reglane som er nødvendige og forhalde seg til ifht til born og leikeplass.
By Per Verner Aase 10 Apr, 2024
Julegåveaksjonen: 2023 vart vanskelegare for mange enn tidlegare år. Den generelle prisstigninga har gjort at mange hadde lite att når faste utgifter var betalt. I underkant av 100 000 kom inn i tillegg til eit bugnande gåvebord på frivilligsentralen. Fagforbundet Tysnes, Utdanningsforbundet, Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag er dei største givarane til aksjonen. Pengane er nytta til matkassar, nyttige gåver og litt godsaker til dei små. Dette har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Frivilligsentral, NAV og Barnevern. Saman med givarane har vi gjort julehelga litt lysare for mange. Vi takkar for gåva frå kraftlaget og håpar på støtte også i 2024.
By Kenneth Røssland 09 Apr, 2024
Prosjekteringa for oppgradering av turveg veg Løkjen – Grovatn er nå ferdigstilt, dette er fase 1 av det totale prosjektet. Fase 2 av prosjektet vil nå være synfaring med entreprenør for å få tilbud på utbedring av eksisterende vei. Utbedring av vei i henhold til avtale med grunneiere og Kommunen. Det har vært en god dialog med alle involverte og gode diskusjoner for å komme frem til en løsning som er i alles interesse uten å utføre noe større inngrep i naturen. Vi ser nå frem til fase 2 av prosjektet.
Les meir
Share by: